Kaupanger: Den nye syltetøyfabrikken på Kaupanger nærmar seg med stormskritt.
– Eg gler meg noko so inni hampen og merkar på gjengen at alle har lyst til å flytta. Det blir kjempekjekt, seier administrerande direktør, Trine Lerum Hjellhaug.
Etter planen skal Lerum overta bygget 5. februar. Deretter ventar eit tre månader langt flyttesjau, når heile produksjonen av syltetøy skal flyttast frå Sogndal til Kaupanger:
– Ny kvardag
– Det blir ein heisen jobb. Me legg ein plan om å ta ei og ei linje, for me har eit løfte til kunden om at me skal levera. Det kjem til å gå veldig bra, det er eg rimeleg sikker på, seier driftsdirektør Jan Audun Larsen, som har det overordna oppsynet med utbygginga.
Den nye fabrikken er på 4500 kvadratmeter, det nye kontorbygget på 600 kvadratmeter. I tillegg renoverer Lerum over 1000 kvadratmeter av det gamle lageret. Alt til ein forventa sum på ein kvart milliard kroner.
– Det blir ein heilt annan kvardag for oss å komma over i nye, store, lyse, fine lokale, seier Larsen.
Noko nytt, noko gamalt
Ein god del millionar blir investert i nytt utstyr, men så mykje som mogleg av det eksisterande frå Sogndal blir med på flyttelasset. Økonomien tillèt ikkje at selskapet tek heilt av.
Likevel forventar dei ein viss auke i produksjonen som resultat av samlokaliseringa.
– Eg trur det er ein stor fordel å få alle tilsette på ein plass, det gir større fleksibilitet. Det blir òg eit heilt anna samspel på tvers av fagfelta. Ikkje minst vil dei som jobbar med produksjon i Sogndal få nye fasilitetar, berre dèt vil auka kapasiteten, seier Lerum og siktar til dei meir gjennomtenkte planløysingane og det ekstra armslaget dei tilsette vil få.
Planen er at fabrikken skal vera i full drift frå mai neste år.