MYKJE OG MANGT: Sjå bilete av stille disko, spontan korframsyning og konsertane med Sigrid Moldestad og Hjerteslag under Vinjerock - mellom anna. (Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )

Bli med inn på Vinjerock

Når ein festival blir utseld på nokre få sekundar er det naturleg nok ganske mange som blir sitjande heime og skulle ønskja dei var på denne umåteleg populære festivalen. Porten.no gir deg difor ein liten smakebit frå Vinjerock 2017 i form av eit fotogalleri og eit par videoar.

Vang: - Det er fort gjort å bruka masse klisjear, men også veldig vanskeleg å unngå. Me hadde verdas verste vêr under opprigg og like dårleg vêr nu under nedrigg. Men så fekk me så mykje flott vêr under festivalen. Det er ikkje sjølvsagt når ein held festival på over 1000 meter over havet, seier festival- og sponsorsjef Julie Forchhammer.

Alt stemde for festivalleinga under Vinjerock 2017. Dei 3000 billettane forsvann på nokre sekundar i vinter, vêret kunne altså knapt ha vore betre, og alle involverte leverte ifølgje Forchhammer

- Alle artistane var strålande, publikum var strålande og alle friviljuge jobba det dei kunne. Vinjerock 2017 må gå inn i historia som ein av dei beste noko sinne.

Stille disco og spontant kor

Porten.no vitja festivalen laurdag ettermiddag, og kom mellom anna over ein gjeng blide årdøler i lyngen.

Les også: Tipp topp stemning i årdalscampen på Eidsbugarden

Eit anna interessant skode var gjengen som deltok på "Stille disco". Ein gjeng festivaldeltakarar dansa og song, sånn halvvegs synkront, med kvart sitt hovudsett på hovudet. Dei høyrde alle på same musikken som ein DJ serverte i hovudsetta.

Artikkelen held fram under videoen

- Stille disco passar fint, for me samarbeider med DNT som har hashtagen #stillenatur. Det er slike kombinasjonar me likar, seier Forchhammer.

Ëit steinkast unna hadde eit kor stilt seg opp og song vakkert mellom sørvest-Jotunheimens høge tindar og blågrøne vatn

- Det gjorde dei på eige initiativ, plutseleg var det eit kor som hadde teke turen til fjells. Slik er det på Vinjerock; me har alle moglege folk her og ting skjer heile tida.

Artikkelen held fram under videoen

- Mange får sitt første møte med Jotunheimen

Den umåteleg populære festivalen kunne nok ha selt billettar mange gonger dei 3000 tilmålte.

- Men fleire vil me ikkje selja. Me har området her å ta vare på og parkeringsplassen ligg 23 kilometer unna festivalområdet. Så 3000 er eit tal me er bekvemme med, seier Forchhammer. 

Ho strekar under at dei stadig gjer utbetringar med festivalen, og går langt i å lova at det blir mange moglegheiter seinare for dei som ikkje fekk med seg årets festival

- Det håpar me, i alle fall. Å visa fram området og å vera her tykkjer me er fantastisk. Det starta som ein bygdefestival og har vorte nasjonal happening. Mange får sitt første møte med Jotunheimen på Vinjerock, og kjem gjerne tilbake utom festivalen. Slik skal det vera.

Til toppen