VAKKERT SYN: Det er eit etterlengta løft for mange, eit kontroversielt pengesluk for andre. Men vakkert har det uansett blitt. No er det strekninga frå Rusebakken og forbi Hofslund fjordhotell som er bygd ut.

Bli med langs den nye fjordstien

No kan du spasere gjennom Sogndal med fjordutsikt og lydar av bølgjeskvulp langs heile ruta.

Sogndal: Ein ny etappe av fjordstien i Sogndal står no klar. Den mest kontroversielle på grunn av alle eigedomane som er berørte, men samstundes den flottaste.

Enno har det ikkje vore nokon offisiell opning, men varaordførar Laura Kvamme (Sp) har allereie prøvegått ruta.

– Når du ser resultatet og kor mykje stien blir brukt, så styrkar det meg i trua på at dette er viktig. Det at folk har fått ein plass å gå, der det er flatt og fint og som ligg heilt nede ved fjorden, det er noko heilt nytt, seier ho.

IDYLL: Ove Navarsete er nettopp ferdig med ein tolv kilometer lang kajakktur på fjorden. Han er tykkjer fjordstien har blitt ei perle. – Det er vakkert! Me har venta på den i to år, seier han.
IDYLL: Ove Navarsete er nettopp ferdig med ein tolv kilometer lang kajakktur på fjorden. Han er tykkjer fjordstien har blitt ei perle. – Det er vakkert! Me har venta på den i to år, seier han.

Siste finpuss

Enno er ikkje alle detaljane på plass enno. Mellom anna manglar belysning og graset er nysådd fleire plassar.

BLINDVEG: Den planlagde stien som går forbi hotellet og tilbake til sentrum skal stå ferdig i april neste år. Utvidinga vidare mot Rones og Loftesnesbrua i bakgrunnen ligg lenger fram i tid.
BLINDVEG: Den planlagde stien som går forbi hotellet og tilbake til sentrum skal stå ferdig i april neste år. Utvidinga vidare mot Rones og Loftesnesbrua i bakgrunnen ligg lenger fram i tid.

– Men du ser konturane av at dette blir ein flott plass. Og det verkar som det er solid arbeid, så dette skal halde, seier Kvamme.

På grunn av at riksvegen byrja å rase ut under arbeidet, har byggjinga av den stubben som går forbi Hofslund hotell og opp til rundkøyringa blitt utsett. Planen er å gjere den ferdig til 1. april neste år.

Samstundes lagar vegvesenet fjordsti i samanband med byggjinga av den nye Loftesnesbrua, som skal stå ferdig våren 2018.

Dette står att

Men sjølv då vert det enno ein del som manglar før den fulle fjordstivisjonen er realisert. 

Til dømes må du førebels gå bak fabrikken til Lerum, der det er planar om å byggje hundrevis av leiligheiter. Vidare manglar strekninga frå Hofslund hotell til Rones barnehage. Skal alt dette skje, pluss ei eventuell gangbru over Sogndalselvi, krevst nye budsjettkroner frå politikarane.

– Det som er gjort ferdig, er det som er planlagt å byggje. Det krev eit nytt politisk vedtak å få dei siste bitane på plass, seier Laura Kvamme.

KONTAKT MED FJORDEN: Eit av hovudmåla med fjordstien har vore å opne bygda opp mot fjorden. 
KONTAKT MED FJORDEN: Eit av hovudmåla med fjordstien har vore å opne bygda opp mot fjorden. 
FIN UTSIKT: Langs stien er det sett opp fleire benkar der det er fint å sitte.
FIN UTSIKT: Langs stien er det sett opp fleire benkar der det er fint å sitte.
GAMALT OG NYTT: Fjordstien byr på spanande kontrastar der gamle naust og trehus står side om side med det nye. 
GAMALT OG NYTT: Fjordstien byr på spanande kontrastar der gamle naust og trehus står side om side med det nye. 
Til toppen