Søndag går TV-aksjonen av stabelen. TV-aksjonen skal vere med på å redde liv og gje omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda.
Pengar som blir samla inn skal gje hjelp til meir enn 2 millionar menneske i Syria, Libanon, Afghanistan, Honduras, El Salvador, Guatemala, Myanmar, Somalia, Sør-Sudan og integreringsaktivitetar i Noreg.
Bøsseberarane som skal samle inn pengar til dette formålet, kjem på di dør søndag i tidsrommet 16.00 til 18.00.
- Les også: - Saman skal vi få hjelpa heilt fram
Eit lite bidrag hjelper langt
Røde kors opplyser på si heimesida at dei som går med bøsse er heilt avgjerande, for at ein skal få samla inn nok pengar til å hjelpe menneske i krig og konflikt. Vidare opplyser dei at kun 250 kroner gir mat til ein syrisk familie på fire i ein månad.
Gjennom TV-aksjonen skal fleire menneske i krig og konfliktområde få livsviktige medisinar, helsehjelp, reint vatn og mat.
- Behovet er enormt og kvart bidrag er med på å redde liv, skriv røde kors.