TUR: Søndag går Aurlandsmarsjen av stabelen. illustrasjonsfoto
TUR: Søndag går Aurlandsmarsjen av stabelen. illustrasjonsfoto

Bli med på Aurlandsmarsjen

Pakk sekken og finn fram turskoa. Bli med på Aurlandsmarsjen gjennom frodige Aurlandsdalen søndag. 

Aurland: Søndag inviterer Aurland kommune, Venner av Aurlandsdalen og Aurland røde kors til den årlege Aurlandsmarsjen. Dette har vore eit årleg arrangement sidan 1981 og i 2010 hadde marsjen 30-årsjubileum.

Turen går gjennom den unike Aurlandsdalen. Deltakarane byrjar å gå frå Østerbø som ligg 820 meter over havet og avsluttar i Vassbygdi som ligg 83 meter over havet.

Påmeldinga for marsjen byrjar søndagsmorgon, der startkontingenten er 100 kroner for voksen, medan borna går gratis.

Turløype

Aurlandsmarsjen er ei turløype på 19 kilometer og det tar om lag 7 timar å gå turen. Deltakarane går frå Østerbø, vidare til Sinjarheim og blir avslutta i Vassbygdi. På Sinjarheim er det naturleg å ta ein matpause og Venner av Aurlandsdalen skal ha eit eige program der.

Turløypa har ein god sti og er godt skilta. Stien er rydda på dugnad av Venner av Aurlandsdalen og Aurland kommune. Turen er middels lett å gå.

Premie

Det blir delt ut premie til alle deltakarane som er med på Aurlandsmarsjen. I tillegg blir det delt ut premie for dei som har delteke for 5, 10, 15, 20 og 25. gongen.

Til toppen