LIVSBERGANDE KUNNSKAP: – Det hjelper ikkje deg. Stoppar hjartet ditt, hjelper det ikkje å kunne førstehjelp. Men du er heldig om den som finn deg, kan det, skriv Styreleiar Synøve Sande i Sogn og Fjordane Røde Kors i denne kronikken.
LIVSBERGANDE KUNNSKAP: – Det hjelper ikkje deg. Stoppar hjartet ditt, hjelper det ikkje å kunne førstehjelp. Men du er heldig om den som finn deg, kan det, skriv Styreleiar Synøve Sande i Sogn og Fjordane Røde Kors i denne kronikken.

Bli med på førstehjelpsløftet!

– Å lære seg førstehjelp kan fort bli den beste investeringa du nokon gong har gjort. Ikkje for deg sjølv, men for andre.

  • Endret

KRONIKK:  Anten du tek bussen, er på jobb, eller du har middagsbesøk ein heilt vanleg tysdag – førstehjelpskunnskap kan vere livsviktig.

Og det er lett å lære. Berre det å forstå at nokon treng hjelp og ringe naudnummeret 1-1-3 kan vere nok. Men ambulansen tek si tid. Anten den kjem om fem eller femti minutt, kan det vere behov for å gje livreddande førstehjelp i mellomtida.

VIKTIG BODSKAP: Synøve Sande, styreleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors
VIKTIG BODSKAP: Synøve Sande, styreleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors

Om lag 3000 personar her i landet får årleg hjartestans utanfor sjukehus. Samtidig syner ei fersk undersøking Respons Analyse har gjort for Røde Kors at berre fire av ti seier at dei tør å sette i gang med livreddande førstehjelp i dei mest vanlige situasjonane der førstehjelp kan redde liv.

Difor treng vi eit førstehjelpsløft. Mange kan bidra til at fleire lærer, øver og torer å utøve førstehjelp. Foreldre, handballtrenarar og arbeidsgjevarar er alle døme på folk som kan legge til rette for å betre livreddande kunnskap i befolkninga.

Som arbeidsgjevar kan du vurdere å gje dei tilsette tilbod om førstehjelpskurs. Ein slik aktivitet er ikkje berre livsviktig, men også populær. Så mange som åtte av ti er positive til å gjennomføre førstehjelpskurs i regi av jobben.

Dersom du er forelder, kan du snakke med barnet ditt om korleis ein kan hjelpe andre. Du kan oppmode barnehagen din om å nytte Røde Kors sine gratis opplæringssett i førstehjelp for barnehageborn. Barn som får opplæring i grunnleggande førstehjelp vil ha eit meir naturleg forhold til å ta ansvar seinare.

Last ned Røde Kors sin effektive førstehjelps-app. Har du ansvar for ein hjartestartar, registrer den på nettsida 113.no, så den lettare kjem til hjelp om nokon får hjartestans i nærleiken. Og for dei som får ei alvorleg skade, av brann eller andre ulykker, kan vi også gjere noko – gje blod! Å gje blod reddar liv, og gjev tryggleik for alle.

Tryggleik kjem altså som eit resultat av dugnad. Men dugnaden er ikkje over med kurset. For å tore å utøve førstehjelp, må vi halde kunnskapen ved like. Øve, repetere. Neste gong kan det vere ein som står deg nær som treng hjelp. Då er det bra om du torer å hjelpe.

Til toppen