OPNING: Onsdag 3. mai opnar Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø. For Nils Solheim og Frank Eldegard, begge ein del av styret til Tindevegen, er det eit høgdepunkt å ta del i opninga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPNING: Onsdag 3. mai opnar Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø. For Nils Solheim og Frank Eldegard, begge ein del av styret til Tindevegen, er det eit høgdepunkt å ta del i opninga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Bli med på opninga av Tindevegen

I fjor sette dei ny rekord i tal passeringar. No vert Tindevegen eit stadig viktigare produkt i Årdal si satsing på reiselivet. 

Årdal: Brøytekantane og fjelltoppane kjempar om merksemda. Sjølv om ein er på snaufjellet og det er slutten av april, kjennest det som sommar. Lufta står heilt stille, sola står på, nokre kilometer lenger vekke tittar Store Austabotntind ned på deg. 

Så startar motoren på den enorme fresen og traktoren opp.

Sjå video frå fresinga i videovindauget øvst i artikkelen. (Foto: E. Stensvoll)

– Det er heilt nydeleg. Dette er den finaste tida. Det er alltid kjekkast når me skal opna. Det er mykje spenning involvert. Kor mykje snø er det? Kjem me inn i hytta? Får me på plass bommane, fungerer alt? Det er eit høgdepunkt.

Artikkelen held fram under biletet.

TIND: Det er ein god grunn til at vegen har fått namnet Tindevegen. Når ein køyrer ruta kan ein skimte fleire toppar. Her er Store Austabotntind.
TIND: Det er ein god grunn til at vegen har fått namnet Tindevegen. Når ein køyrer ruta kan ein skimte fleire toppar. Her er Store Austabotntind.

Danseband-tradisjon

Det seier Frank Eldegard, som er med i styret i Tindevegen. Han og Nils Solheim, som også sit i styret, har sin første tur til bomstasjonen for året. Nede i Årdal såg det grått ut denne dagen, men på toppen venta blå himmel så langt augo kan sjå. På den første turen har dei to ein fast tradisjon, der dei filmar medan dei køyrer oppover – helst med litt stemningssetjande musikk i bakgrunnen.

– Nils er glad i sånn dansebandmusikk, som han likar å plaga meg med medan eg ser på utsikta, byrjar Eldegard.

– Det ligg ein del videoar av det på Tindeveg-sida. Det er bra med treff på dei videoane, seier Solheim.

Artikkelen held fram under videoen.

– Ja, men det er det ikkje musikken som er årsaka til, ler Eldegard.

Dagens jobb består i å spa fram bomstasjonen. Sjeldan har dei sett så mykje snø som i år på akkurat dette punktet. Brøytekantane er alltid like imponerande på andre delar av ruta. Saman med Einar Birger Nyhus, Anders Fortun og ein stødig sekretær i vegmannen Jo Ragnar Sønstlien er dei eit arbeidande styre, der alle bidreg med ulik kompetanse. Saman løyser dei dei fleste oppgåvene sjølv.

Eit viktig reiselivsprodukt

Tindevegen er i ferd med å bli eit stadig viktigare produkt som Årdal skal selje. Kommunen satsar på reiselivet, og då spelar Tindevegen ei viktig rolle. I fjor var det rekordmange passeringar med nesten 40 000, ein vekst på 8000. 

– Me prøver å følgja med på det som skjer rundt oss med turisme og bruk av fjellet til ulike årstider. Me prøver å kople oss på når Sognefjellet opnar, og til helga er det jo High Camp på Turtagrø, fortel Eldegard.

Artikkelen held fram under biletet.

TREKT FRAM: Tindevegen vert stadig vekk trekt fram som eit av dei viktigaste produkta Årdal har å by på innanfor reiselivet. På denne tida av året, med dei enorme brøytekantane, er det lett å forstå. 
TREKT FRAM: Tindevegen vert stadig vekk trekt fram som eit av dei viktigaste produkta Årdal har å by på innanfor reiselivet. På denne tida av året, med dei enorme brøytekantane, er det lett å forstå. 

– Me ser at Tindevegen stadig vekk vert trekt fram i satsinga, og no er utfordringa å ta tak i den trafikken som kjem over og gjera maks ut av den og få folk til å stoppa i sentrum. 

– Men me ser jo at også dei i sentrum har byrja å skjønne at dei kan dra nytte av trafikken. Det er jo deira jobb. Det er dei som må passe på at det er attraktivt for tilreisande å stoppa og ta ein pause i Årdal, legg Solheim til. 

Får god drahjelp frå delingsvillige besøkande

Eldegard ser på fjorårets vekst som nærast uforståeleg høg og reknar ikkje med tilsvarande byks kvart år, men alt ligg til rette for ei jamn stigning. 

– Bilturistar er ikkje opptekne av å køyra etter skogdekte europavegar. Dei bryr seg ikkje om vêret, men naturen, og då har me føresetnad for å by fram vårt produkt. Det trur eg er vesentleg. I tillegg har reiselivsoperatørar og Visit Norway sett meir fokus på slike produkt, men viktigaste av alt er kanskje den marknadsføringa me får gjennom sosiale media, seier Eldegard. 

Artikkelen held fram under biletet.

MEST OPPTEKNE AV NATUR: Turistane som reiser over Tindevegen bryr seg lite om at vegen er smal og kronglete. Det er naturen dei er her for å sjå på. Og det kan ein forstå.
MEST OPPTEKNE AV NATUR: Turistane som reiser over Tindevegen bryr seg lite om at vegen er smal og kronglete. Det er naturen dei er her for å sjå på. Og det kan ein forstå.

I jobben sin i Kjelde tek han òg del i reiselivssatsinga på mange måtar. For Solheim sin del, som jobbar i rutebilbransjen, er turistane også like viktig. Difor får begge det litt att i kvardagen, og det er greitt å ha i tankane medan ein spar fram haugar med snø.

Olav har draumejobben

Men dei får også mykje hjelp frå rå motorkraft. I førarhuset på doningen sit Olav Vee. Å brøyte veg er jobben hans, og han elskar det.

– No har me brøytt sidan 19. april. Det har gått rimeleg kjapt i år. Det er fint, iallfall på slike dagar. Det er jo draumejobben å få vera i fjellet slik. Det er den finaste arbeidsplassen ein kan ha, seier han.

Artikkelen held fram under videoen.

Ved hjelp av ein fres, skjær han seg gjennom snøen som har lagt seg i vinter. På enkelte stader er vegen omkransa av metervis med brøytekantar. På denne tida av året, er det gjerne dette som er det store trekkplasteret. På enkelte plassar fresar han passasje til villreinen. 

Planar om rasteplass

Men korleis ser framtida til denne snarvegen gjennom Jotunheimen ut? Planar ligg på bordet for to rasteplassar, ein på Luster-sida og ein på Årdal-sida. 

– Dette handlar om at Tindevegen skal gi noko tilbake til vertskommunane. Desse rasteplassane skal vera ein reklamestad for kommunane Luster, Lom og Årdal, der kommunane kan presentere seg sjølv og tilbodet i bygdene, fortel Solheim.

På Luster-sida går dette greitt, men på Årdal-sida er det litt fleire utfordringar sidan Tindevegen berre eig vegen frå skihytta. Den neste delen er kommunalt eigd, medan siste del er det fylkeskommunen som har ansvar for.

Artikkelen held fram under biletet.

SMALT: Det er ein einsam jobb Olav Vee har når han sakte, men sikkert jobbar seg fram i tonnesvis med snø og etterlet seg ei tynn stripe med veg i landskapet.
SMALT: Det er ein einsam jobb Olav Vee har når han sakte, men sikkert jobbar seg fram i tonnesvis med snø og etterlet seg ei tynn stripe med veg i landskapet.

– Me er inne i ein prosess for dei to punkta no. På Luster-sida er ting ganske klar og vil koma på plass ganske tidleg i sesongen når forholda tillet det, men mot Årdal er ikkje alt avklart sidan dette ikkje er vår veg, men me er i dialog med fylkeskommunen, og dei tykkjer det er ein god tanke at me kan kopla oss saman og løysa felles interesser og utfordringar. Eg har tru på at me skal få det til, men kanskje ikkje før til neste år, seier Eldegard.

Betre standard

Det er eit ønske om å auke standarden på strekninga fordi enkelte stader kan bli ein flaskehals. Inntektene Tindevegen får, går stort sett rett ut att i vedlikehald. 

– Det er jo også ein attraksjon i seg sjølv at vegen har den standarden han har. Me ser på kva ein kan gjere for gruppeturisme, men det fører til utfordringar på heile traseen. Me må gjera det me kan på dei tre mila våre, og det går stort sett bra.

– Når bubilar møtest på tronge parti, tek dei utfordringar med godt humør. Det er ein del av opplevinga, men me prøver å få til litt betre trafikkflyt med fleire møtelommer, forklarar han vidare før han kjem med ei oppmoding til slutt.

– Skal du sjå høge brøytekantar og det vegen elles har å by på, så er det slik at det er meldt om sommar etter kvart, så det er ikkje noko å lura på. Det er berre å ta turen.

DIRIGERER: Nils Solheim og Frank Eldegard dirigerer og passar på slik at Olav Vee ikkje får anna enn snø inn i fresen sin. 
DIRIGERER: Nils Solheim og Frank Eldegard dirigerer og passar på slik at Olav Vee ikkje får anna enn snø inn i fresen sin. 
Til toppen