Bli med små og store på eggjakt i Aurland​

Rundt sytti personar hadde møtt opp for å leite etter gøymde påskeegg i strålande sol og vakre omgjevnader i bygda Undredal i Aurland.

Aurland: – Dette er noko ungane gler seg til. Det er veldig kjekt at så mange møter og at dei set pris på det. Det er mange som kjem att år etter år. Då føler du det er verdt å organisere det, seier Anna Elise Borlaug i Undredal ungdomslag.

Les også: Folkefest og løyperekord på Filefjell

Dei frammøtte fekk ikkje først vite kor dei skulle, men fekk utdelt eit skattekart. Skattane dukka opp undervegs i form av små egg gøymt rundt om. Denne gongen var Røsshaug målet, men det varierer frå gong til gong. Vel framme venta det grilling, bålkokt kaffi og generelt god stemning. Før ei ny runde med eggjakt.

Dette er femte gongen ungdomslaget inviterer til å leite etter egg. Det var Pascale Baudonnel, ein av dei sentrale kreftene bak Undredal stølsysteri, som i tid innførte tradisjonen.

– Når vi vart for store sjølve, tenkte vi i at vi kunne arrangere det i ungdomslaget og invitere alle som ville til å bli med, seier Borlaug.

Til toppen