REBUS: Birgitte Fossheim Dokken og Hanne Selle Ulvang var blant studentane som hadde kledd seg opp til rebusløpet i Sogndal på søndag. Her prøver dei å gjetta vekta på ein melon.
REBUS: Birgitte Fossheim Dokken og Hanne Selle Ulvang var blant studentane som hadde kledd seg opp til rebusløpet i Sogndal på søndag. Her prøver dei å gjetta vekta på ein melon. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bli med studentane i Sogndal på fargerikt rebusløp

Båltenning, melonveging, melkespannhalding og bading var blant postane då studentane kjempa om sigeren i VEKAO-konkurransen Multisport. 

Sogndal: To studentar i fargerik klesdrakt og likeeins hodepryd står nede ved fjordkanten i Sogndal. Den eine held ein melon i handa, som ho løftar sakte opp og ned med ei viktig mine.

– Kor mykje kan ein slik vega?, spør sosiologistudent Birgitte Fossheim Dokken.

Rundt tjue deltakarar stilte til start då det søndag var klart for rebusløpet Multisport under studentfesten VEKAO i Sogndal. Her skulle det kårast vinnarar i klassane for herrer, kvinner, miks og beste kostyme.

VEKAO-SJEF: Det er enno ei veke igjen av VEKAO. Sjefen for det heile Fredrik Øvstedal, gler seg til fortsettinga. Foto: Halvor Farsund Storvik

Lars Vaular-fest skremte mange frå startstreken

Våre to utvalde hadde i det minste ambisjonane i orden etter å ha unnagjort første post.

– I og med at det er to deltakarar i vår klasse, så tenker me topp to. Det blir fort det. Så satsar me litt på hodeplagg, seier Fossheim Dokken.

VEKAO-sjef Fredrik Øvstedal seier dei hadde håpa på litt betre oppmøte. Men trur Lars Vaular-konserten kvelden før må ta noko av skulda.

– Det er kanskje ikkje som er klare for å springa rundt i Sogndal på ein søndag, seier han.

Ute i løypa venta det varierte øvingar for studentane, alt frå båltenning, til quiz, melkespannhalding og bading.

Satsa på kostymesiger og lite gåing

VEKAO-sjefen trur nettopp båltenninga vil by på dei største utfordringar for deltakarane.

– Det skal vera litt på gamlemåten, det er ikkje noko lighter i alle fall. Maks ein fyrstikk, trur eg det var snakk om, seier han.

Dei fargerike studentane me snakka med trudde derimot bålfyringa var deira sterkaste kort.

– Me satsar på bålfyringa, ho har bra kontroll på det, seier Fossheim Dokken og nikkar mot makker Hanne Selle Ulvang.

– Me satsar på å gå minst mogleg. Det er dagen derpå, så me tek det litt lungt, seier Selle Ulvang om taktikken.

Til toppen