Duell: Robin Moheim (i front) i duell med Truls Hovland på ei trening. No skal kanskje dei to spela mot kvarandre att - denne gongen i kamp. Arkivfoto
Duell: Robin Moheim (i front) i duell med Truls Hovland på ei trening. No skal kanskje dei to spela mot kvarandre att - denne gongen i kamp. Arkivfoto

Blir det duell med gamle lagkompisar?

Robin Moheim møter "gamleklubben" alt i første kamp

- Viss Robin spelar eller kjem innpå mot oss, vil nok det tenna han ekstra. Han vil nok gjerne visa seg fram ved eit slikt høve, seier trenar for Årdal FK, Ivan Øy.

- Kjekt for Robin

Robin Moheim spelte sin siste kamp for Årdal FK sist helg. No har han flytta til Oslo og meldt overgang til Skedsmo. Som skal nettopp til Årdal komande laurdag. 

- Dette er kjekt for Robin. Han kjem på eit lag med høgt nivå, og får å få spela fast må han anten danka ut den svært gode spissen deira, Didrik Mostue, eller bli makkeren hans. Så det vil jo tida visa.

Til toppen