Blir det meir jubel for Hege?

Blir det meir jubel for Hege?

I beste sendetid skal Hege Bakken Wahlquist frå Årdal spele sluttspelsfinale mot Larvik.

Årdølen og Glassverket skal bryna seg på Noregs beste klubblag i handball når andre finale blir spelt onsdag kveld. 

Drammenslaget kom på ein 2. plass i grunnspelet i Eliteserien, men kan trona over Larvik etter i kveld.

Den første finalekampen endte med eit knepent 27-28-tap for Glassverket, noko som betyr at dei står med usedvanleg gode sjansar før andre finalekamp i Runarhallen. Wahlquist scora fire mål i denne kampen.

– Me har ingenting å tape. No er det Larvik som må prestera. Og viss dei har dagen, vil me sannsynlegvis slita med å halde følgje. Eg tippar dei ønskjer å visa kor enorm klasseforskjell det er på laga, seier Glassverket-trenar Kenneth Gabrielsen til klubbens heimeside.

Glassverket tok seg til finalen etter å ha slått Byåsen 64-52 samanlagt i semifinalane, men ei heilt anna utfordring ventar i Larvik, som har regjert Handball-Noreg i ei årrekke.

Då laga møttest i grunnspelet, enda det med 16-26- og 20-33-tap for Glassverket, men no må dei altså berre vinna med to mål for å sikra triumfen.

Til toppen