Lærdal: Løpet foregår på historisk grunn og har fått namnet sitt etter den gamle husmannsplassen Galdane langs Kongevegen i Lærdal.
Den kuperte løypa på 8,7 kilometer går langs Lærdalselvi, forbi husmannsplassen og har start og mål ved rasteplassen Koret.

– I år er det også sett opp ny bru i gamal stil over Vetlesokni, løypa er nyrydda og underlaget er mest gras og sti, fortel Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL.
Yrande folkeliv
Det er friidrettsgruppa i Lærdal Idrettslag som inviterer stort og smått, anten ein er mosjonist eller klar for å setja ny løyperekord til Lærdal denne dagen.
– I fjor var det yrande folkeliv og stor stemning under arrangementet, legg ho til.
– Gubbetrimmen i Jølster har sesongavslutning og sesongstart med Galdane Rundt, Team Melkesyre frå Varegg stiller med ein stor gjeng og lagar alltid liv. Ellers er det stor lokal oppslutnad og deltakarar frå nabokommunane.

Håpar ungdom deltar
I fjor vart det sett ny løyperekord i både herre- og kvinneklassen. Det er Eivind Øygard frå Jølster IL som har rekorden på herresida med 31.10, medan Ingvild Vedde frå Tjalve IL brukte 39.56 på runden.
– Løpet er for alle, terskelen for å melde seg på tid er låg. Me vonar ungdom òg vil ta utfordringa med å springe på tid. Turen passar òg for mosjonistar og er ein fin familietur. Ryktet har spreidd seg om at dette er eit flott løp, så me ynskjer vel møtt til Norges finaste terrengløp neste laurdag, avsluttar ho og viser til Facebook-sida deira for meir informasjon.