UTMERKING: Alle medlemmane i Årdalsklubben 4H fekk laurdag kveld tildelt diplom, rose og merke for å ha gjennomført prosjektoppgåva og -heftet. Organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane stod for den høgtidelege utdelinga. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Blir du med oss?

Med det spørsmålet avslutta Årdalsklubben 4H samandraget av deira fyrste år som 4H-arar.

Laurdag kveld var det duka for fest i Vikadalen ungdomshus, der den ferske 4H-klubben i Årdal markerte eitt år. 

Til denne haustfesten møtte familiane til klubbmedlemmane opp mannsterke med både foreldre, søsken og besteforeldre, og alle fjerdeklassingane i Årdal var invitert for å sjå kva Årdalsklubben 4H har gjort i løpet av eitt år.

Artikkelen held fram under biletet.

FAMILIE: Foreldre, søsken og besteforeldre var samla i ungdomshuset i Vikadalen då den høgtidelege markeringa av Årdalsklubben 4H gjekk av stabelen laurdag kveld.
FAMILIE: Foreldre, søsken og besteforeldre var samla i ungdomshuset i Vikadalen då den høgtidelege markeringa av Årdalsklubben 4H gjekk av stabelen laurdag kveld.

Prosjektoppgåve

Tidlegare i år fekk alle medlemmane utdelt kvart sitt prosjekthefte som skulle vera ferdig til denne haustfesten. Temaet var "frå jord til bord", og skulle ta føre seg alle prosessane frå dyrking til tilbereding av mat. 

I prosjektet laga Årdalsklubben 4H ein grønsakshage som dei skulle stelle og seinare hauste inn. Til slutt feira dei resultatet av prosjektet med å lage suppe av  dei sjølvdyrka grønsakene. 

Vurderinga av sjølve prosjektheftet fekk dei av organisasjonsrådgjevar for 4H Sogn og Fjordane, Hilde Sværen. Utmerkelsen gjekk føre seg på ein høgtideleg måte, der kvart klubbmedlem med godkjent prosjekthefte fekk rose, diplom og merke. 

Artikkelen held fram under biletet.

DIPLOM: Det var stort for borna å få diplom og merke etter vurderinga av prosjektheftene var ferdig.
DIPLOM: Det var stort for borna å få diplom og merke etter vurderinga av prosjektheftene var ferdig.

– Til dei yngste, aspirantane, vert det sett to krav. Det er jamnleg klubbaktivitet og gjennomføring av prosjekthefte, seier ho.

Borna bestemmer

Klubben har også hatt mange friluftsaktivitetar gjennom året, blant anna overnattingstur på Jotnavåken med snøskredkurs og grilling.

– I alle 4H-klubbar er det borna som bestemmer, medan dei vaksne er klubbrådgjevarar, seier Atle Granby, ein av dei vaksne rådgjevarane i klubben.

Det er borna, som klubbmedlemmar, som legg fram forslag på aktivitetar og som tek dei endelege avgjerslene i dei fleste situasjonar. Dei har også årsmøte der dei sjølv set opp saksliste og velgjer inn styre. 

Når borna vert eldre får dei også meir ansvar for økonomien til klubben, og skal etterkvart føre rekneskap og setje opp budsjett. Alle aktivitetar i 4H vert gjennomført med mottoet "å læra ved å gjera", og alle mellom 10 og 18 år kan vera med i klubben.

Til toppen