BEDRAG: Leif Inge Underdal meiner turistskatt hadde hatt mykje føre seg for Aurland sitt vedkomande. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BEDRAG: Leif Inge Underdal meiner turistskatt hadde hatt mykje føre seg for Aurland sitt vedkomande. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Blir fort turistbedrag utan turistskatt

Leif Inge Underdal og fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, meiner tida er overmoden for turistskatt. Aurlandsordførar Noralv Distad ser annleis på saka.

Aurland: – Eg vil seia det hadde vorte eit turistbidrag. No trur eg det kan enda opp med turistbedrag.

Det sa Leif Inge Underdal, dagleg leiar i Opplev Underdal AS, under ein paneldebatt som vart arrangert på Fretheim hotell i regi av Emblanettverket torsdag.

For, regjeringa vil ikkje innføra turistskatt når dei presenterer reiselivsmeldinga fredag. Det opplyser Gunnar Gundersen, som sit i næringskomiteen på Stortinget for Høgre, til Dagens Næringsliv:

– Noreg må tenkje konkurransekraft i reiselivsnæringa. Då er det viktig å ikkje legge på nye skattar, seier Gundersen, som meiner at kommunane bør kunne dekkje fellesprosjekt frå andre kjelder.

– Skatt som er nytta i Europa i lang, lang tid

Ein slik skatt vil bestå av ei næringsavgift til alle næringsdrivande som skal nyttast til marknadsføring. Den andre delen er sjølve turistskatten som skal gå til utbetring av sjølve produkta; som utbetring av turstiar, fleire toalett, skjøtsel – tiltak turistane vil sjå att når dei kjem tilbake til ein destinasjon.

Tiltak Underdel nemnde ville vera kjærkoment i Aurland.

Også fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, var klar på at han meiner turistskatt har mykje føre seg under seminaret torsdag.

– Dette er nytta i det meste av Europa i lang, lang tid – turistar kjenner den godt. Utan denne skatten blir slike tiltak veldig dugnads- og prosjektbasert. Så skal det seiast at det krev mykje administrasjon.

Artikkelen held fram under biletet

KJEND: – Dette er nytta i det meste av Europa i lang, lang tid – turistar kjenner den godt, sa fylkesdirektør Jan Heggheim under seminaret på Fretheim hotell torsdag. På biletet bak ser ein ei rekning med denne skatten i eit anna land.
KJEND: – Dette er nytta i det meste av Europa i lang, lang tid – turistar kjenner den godt, sa fylkesdirektør Jan Heggheim under seminaret på Fretheim hotell torsdag. På biletet bak ser ein ei rekning med denne skatten i eit anna land.

– Delte meiningar

Turistskatten er altså den avgifta ein gjerne ser på ei rekning når ein overnattar på eit hotell utanlands. 

Aurlandsordførar Noralv Distad (H) er på si side samd med partikollega Gundersen.

– Sjølv om me blir hjulpne av låg kroneverdi no, er det framleis dyrt å vera turist i Noreg, og ein slik skatt vil koma oppå. Turistnæringa betalar mykje i avgifter allereie. Men denne saka er det delte meiningar om, også i Aurland.

Til toppen