STORE STEINAR: Vegvesenet fortel at E16 i Gudvangen ikkje vert opna torsdag. Oppryddingsarbeidet startar i dag, men vil ta tid. Foto: Arne Veum.
STORE STEINAR: Vegvesenet fortel at E16 i Gudvangen ikkje vert opna torsdag. Oppryddingsarbeidet startar i dag, men vil ta tid. Foto: Arne Veum.

– Blir heilt sikkert ikkje opna i dag

Arbeidet med å rydde E16 for stein vil ta to-tre dagar, reknar Vegvesenet med. 

Gudvangen: Fungerande avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane, Ingar Hals, fortel til Porten.no torsdag morgon at dei er i gong med ryddinga av vegen i Gudvangen.

Gårsdagen gjekk med til å vassbombe fjellsida i håp om at fleire lause steinar og massar skulle kome ned, men det var det heller lite av. 

– Det kom ikkje så mykje, og då rekna me med at det er fast det som er oppi der, og at det er trygt for mannskapet å rydde på vegen, seier Hals.

My nytte dynamitt

Dei har ein massiv jobb føre seg. Då steinar kom dundrande ned fjellsida frå ei høgd på 800 meter tysdag ettermiddag, dekte dei 300 meter av vegbana.

Nokre av steinane vert skildra som bilar og minibussar. Desse må sprengast med hjelp av dynamitt.

Ingen vart skadd då det byrja å rase, men det kunne gått mykje verre om ikkje personar frå området hadde tatt på seg jobben som trafikkdirigentar. 

Ikkje opna i dag

Då Porten.no snakka med Hals onsdag, sa han at det ville ta dagar før vegen opnar att. Torsdag er han klar på at det heller ikkje skjer i dag.

– Me veit det ikkje heilt sikkert når det opnar, men ei grov vurdering er to-tre dagar. Det er iallfall heilt sikkert at det ikkje opnar i dag, seier han.

Vegstenginga har ført til kaos på omkøyringsrutene, som er anten E134 Haukelifjellet, riksveg 7 Hardangervidda eller riksveg 13 Vikafjellet. På sistnemnte var det ein times venting på ferjesambandet Hella-Vangsnes onsdag. 

Til toppen