Oslo: – Eg får driva med politikk kvar dag, og det vil eg jo gjerne, seier årdølen.
I vinter fekk 27-åringen jobb som politisk rådgjevar i Senterpartiet innan fagområdet transport og kommunikasjon. Han skulle vera ut 2016, og fekk fritak frå alle politiske verv i Årdal.
I sommar blei det klart at tilveret i Oslo blir lenga til 1.november 2017.
Tek det komande året i første omgang
– No blir eg i alle fall til etter stortingsvalet om eitt år. Det er vanleg i dette gamet.
– Kva er sjansane for at du får tilbod om å vera enno lengre i hovudstaden?
– Det kjem an på valresultatet og mykje anna.
– Om du får tilbod om å halda fram då, kjem du til å takka ja?
– Det får eg vurdera når me kjem ditt. Eg tek det komande året i første omgang.
– Kor viktig er det for Sogn og Fjordane å ha folk frå fylket i sentrale posisjonar?
– Det er aldri feil å ha folk plassert på Stortinget - ein kan påverka litt som politisk rådgjevar også.
Les også: Øren Heen på soleklar 2.plass