STENGT: Fylkesveg 53 er heilt stengt torsdag morgon på grunn av uvêr. Arkifoto: Truls Grane Sylvarnes.
STENGT: Fylkesveg 53 er heilt stengt torsdag morgon på grunn av uvêr. Arkifoto: Truls Grane Sylvarnes.

Blir ikkje opna i dag

Vanskelege køyreforhold og stengde fjellovergangar torsdag morgon.

Årdal/Lærdal: Fylkesveg 53 mellom Tyin-Årdal er heilt stengd torsdag morgon på grunn av uvêr. Det melder Statens vegvesen. Her blir ikkje vegen opna i dag. 

Hemsedalsfjellet er ope, men snøslaps på snø- og isdekke gir svært vanskelege køyreforhold her. Vegvesenet melder at det kan innførast kolonnekøyring på kort varsel her.

  • Sjekk vêret på Porten.no der du er HER.

Også på E16 Filefjell er det vanskelege køyreforhold i morgontimane torsdag, medan på fylkesveg 50 Hol-Aurland er det innført kolonnekøyring.

Det var sendt obs-varsel onsdag, der Meteorologisk institutt åtvara mot mykje vind i fjellet og dårleg vêr.

Til toppen