BALANSE: Erling Offerdal (Sp) var klar på at sjølv om ein ønskjer å bli betre på klima og energi, må dei folkevalde hugse at Årdal er eit industrisamfunn som lever av industribedriftene sine. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BALANSE: Erling Offerdal (Sp) var klar på at sjølv om ein ønskjer å bli betre på klima og energi, må dei folkevalde hugse at Årdal er eit industrisamfunn som lever av industribedriftene sine. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Blir ikkje pengar i kassa av luft og kjærleik

Beskjeden frå Erling Offerdal (Sp) til Sandra Opheim (MDG) var klar og tydeleg då formannskapet behandla klima- og energiplanen.

Årdal: Dagens plan vart vedteken i 2010 og etter planen skulle denne rullerast kvart 4. år. Det vart også avsett 700 000 kroner på eit klimafond i 2011, men sidan då har planen samla støv. 

Etter det historiske valet med Miljøpartiet Dei Grøne i solid posisjon, er det nye tider i politikken, og planen er no henta opp att og sett på dagsorden, og etter kvart skal den også rullerast.

REAGERTE: Sandra Opheim (MDG) reagerte på utspelet til Offerdal i formannskapet.
REAGERTE: Sandra Opheim (MDG) reagerte på utspelet til Offerdal i formannskapet.

– Eg synest det høyrest fornuftig ut at me kan løfta planen og jobba vidare med den. Dei Grøne ønskjer å bidra til at Årdal skal ta eit steg i grønare retning. Det er eit nasjonalt mål å redusere klimautslepp innan 2030. Dette er også eit lokalt ansvar, og denne planen er eit viktig styringsdokument, sa Sandra Opheim.

Luft og kjærleik

Årdal er eit industrisamfunn, og det er viktig ikkje å gløyme, svarte Erling Offerdal. 

– Me må ha ein balanse i dette. Me bur i eit industrisamfunn me er avhengige av. Me er avhengige av bedriftene våre. Eg seier ikkje at Senterpartiet er heilt imot, men det er viktig at me har bedriftene våre.

– Dei skal sjølvsagt gjera det best mogleg innanfor klima, men me kan ikkje berre seia at me skal skjera ned til eit visst tal. Eg veit at du, Sandra, er eit ytterpunkt i denne saka, men me må ha balanse. Me er avhengige av at det blir pengar i kassa, og det blir det ikkje av luft og kjærleik, sa han. 

Det fekk varaordføraren til å reagere. 

– Eg er overraska over innspelet og skjønnar ikkje kva du meiner. Viss det er Hydro du snakkar om, så må jo dei forholde seg til nasjonale føringar. Me kan ikkje pålegge dei noko. Eg snakkar om korleis me i kommunen kan redusera våre utslepp og bli betre på å sortera avfall til dømes, svarte ho og fekk støtte frå Arbeidarpartiet.

Men Offerdal meinte det måtte vere lov å stille spørsmål til kvifor ein har fått ein så stor omlegging i kommunen etter valet. 

– Eg har ingenting imot prosjekta. Dei er heilt supre, men det er ein ny situasjon etter valet, og dette viser retninga me er i ferd med å gå, la han til.

Ambisiøse i 2010

Prosjekta han snakka om var i hovudsak tre som blei nemnde i møtet. Dette er for så vidt ikkje nye prosjekt, men det var tydeleg at dette var noko politikarane ønskjer å få nærare utgreidd. 

– Me var veldig ambisiøse i 2010, og Arbeidarpartiet meiner me framleis skal vera det. Den gongen vedtok me at fem prosent av utbyttet frå Årdal Energi skulle setjast inn på eit klimafond. Me byrja godt og kjøpte videokonferanseutstyr som gjer at me slepp å reisa og varmepumper til kyrkjene. Så kom me på Robek, og då måtte me prioritere, og dette var eit område me måtte prioritere vekk, innleia Marie Helene Hollevik Bransdal (Ap) sitt innlegg.

Spillvarme og skyttelbuss

Ho fortalte vidare at Ap er nøgd med samarbeidet med Miljøpartiet Dei Grøne etter valet fordi dei no vert kursa i ei grønare retning. Ved å få klima- og energiplanen på bordet igjen, framheva ho spesielt tre prosjekt.

– Me ønskjer at forprosjektet på spillvarme på Årdalstangen skal setjast i gong. Dette kan bidra til å varme opp friluftsbassenget og rådhuset. Og så har me dette med skyttelbuss, som har med all pendling å gjere. Dette vil lette parkering i sentrum, gjere det lettare for gåande og syklande, og det er eit miljøvenleg tiltak som kjem reiseliv, handel og innbyggjarar til gode.

– Me ønskjer også at leigeavtale til leasingbilar vert sett på. Kan ein vurdere hybrid-bilar? Å få ned bilbruk tenkjer eg er viktig i folkehelseperspektiv og miljøperspektiv, sa ho vidare.

KONKRET: Hilde Horpen (Sp) meinte den eksisterande planen var for lite konkret i formuleringane.
KONKRET: Hilde Horpen (Sp) meinte den eksisterande planen var for lite konkret i formuleringane.

– Få vekk «fokus» og «vurdere»

Heilt fint dette, meinte Hilde Horpen (Sp), men ho bad dei folkevalde merke seg ordbruken i den eksisterande planen.

– Det er for mange tiltak med «fokus» og «vurdere». Nesten halvparten har anten det eine eller det andre. Me ønskjer konkrete tiltak, som me håpar me kan vere med på. Det er betre med direkte og konkrete tiltak. 

Til toppen