MARKNADSSJEF: Erlend Fardal Lunde, til høgre, er ny marknadssjef på ViteMeir på Kaupanger. Til venstre ser du Tor Arne Ness.
MARKNADSSJEF: Erlend Fardal Lunde, til høgre, er ny marknadssjef på ViteMeir på Kaupanger. Til venstre ser du Tor Arne Ness. (Foto: ViteMeir)

Blir marknadssjef ved ViteMeir: – Flyttar til Sogndal etter jul

ViteMeir bekreftar i ei pressemelding at dei har tilsett sogningen, Erlend Fardal Lunde, i den nye stillinga som marknadssjef.

Sogndal: Erlend (32) har jobba innan hotellbransjen i 11 år. Han har både vore hotellsjef i Sogndal og hotelldirektør i Sandnessjøen, før han dei tre siste åra har vore hotelldirektør ved Comfort Hotel Bergen Airport. No er han tilsett i ei prosjektstilling med ansvar for sal og marknad ved vitensenteret.

Heimlengsel

Erlend er frå Systrond, og kona Karoline kjem frå Hafslo. I juni i fjor blei dei foreldre til Aria. Då Noreg stengde ned i mars, gjekk Erlend ut i foreldrepermisjon. Heimlengsla hadde begynt å melde seg hos begge to, og tida var inne for nye utfordringar.

– ViteMeir må vera det mest spennande prosjektet i Sogn! Eg har jobba mykje med bærekraftsprofilen tidlegare, og dette skal også vera ein hovudprofil i vitensenteret. Her kan eg også få jobbe med sosial berekraft, og det trigga meg. Eg skal pendle fram til jul. Då flyttar heile familien til Sogndal, seier han.

Både kommersielt og administrativt

I pressemeldinga fortel Lunde at reiselivsperspektivet er grunnen til at han var interessert i denne prosjektstillinga.

– Eg kjem jo frå reiselivsbransjen, men dette er ein annan innfallsvinkel til reiselivet. Eg likar å jobbe med både det kommersielle og det administrative, seier Erlend.

1. september begynner han jobben med å marknadsføre og gjere vitensenteret klart til å ta i mot gjestar neste haust.

– Me skal mellom anna drifte ein kafé på 200 m2, og her kan eg nytte erfaringa mi frå tidlegare prosjekt til å organisere ein smaksrik møtestad for både gjestane ved vitensenteret og dei som berre vil stikke innom for ein matbit, seier han.

Styrkar laget

Styreleiar Tor Arne Ness er godt nøgd med å få endå ein brikke på plass i arbeidet med å bygge eit spennande senter.

– Erlend blir ein ressurs for prosjektet vårt. Han har ein relevant bakgrunn, og kjenner godt til å skape møteplassar og utvikle eit reiselivsprodukt. I tillegg har han stor arbeidskapasitet og gode referansar.

Til toppen