Sogn: – Eg er både svært glad og audmjuk for at eg no får moglegheita til å leie eit pioner-selskap for det grøne skiftet innan maritim næring. Norled satsar betydeleg på ein grøn transformasjon innan ferje- og hurtigbåtnæringa, og eg ser verkeleg fram til å kunne bidra inn i den ønskelege og naudsynte omstillinga, seier Heidi Wolden i ei pressemelding.
Wolden kjem frå stillinga som konsernsjef i entreprenør- og bustadselskapet Kruse Smith. Ei stilling ho har hatt sidan juni 2017. Før det hadde Wolden meir enn 20 år bak seg i Equinor, der ho har hatt ei rekke leiarroller.
– Heidi Wolden har solid leiarerfaring og den naudsynte forretningsmessige forståinga som krevst i denne konkurranseintense næringa. Gjennom den perioden ho har vore i Kruse Smith, har ho også vist seg som ein svært dyktig, handlekraftig og endringsorientert leiar, seier styreleiar i Norled, Elisabeth Grieg.
Norled blei i fjor sommar selt frå DSD, det Stavangerske Dampskibsselskab, til det nordiske infrastrukturfondet CapMan Infra og det kanadiske selskapet CBRE Caledon Capital Management.
Les òg: Norled signerte milliardkontrakt, tek over to ferjesamband i Indre Sogn