Trine Hunskår Vingsnes trer inn i stillinga som klinikkdirektør ved medisinsk klinikk i løpet av første halvår i 2020.
Trine Hunskår Vingsnes trer inn i stillinga som klinikkdirektør ved medisinsk klinikk i løpet av første halvår i 2020. (Foto: Helse Førde)

Blir ny klinikkdirektør i Helse Førde

Medisinsk klinikk er sentral i pasientbehandlinga innanfor eit stort spekter av fagområde ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus.

Sogn og Fjordane: Trine Hunskår Vingsnes (50) er tilsett i den ledige stillinga som klinikkdirektør for medisinsk klinikk i Helse Førde, det annonserte Helse Førde på sine heimesider i dag.

Vingsnes ansvar for om lag 660 årsverk i medisinsk klinikk og eit brutto budsjett på 840 millionar kroner. Klinikken er sentral i pasientbehandlinga innanfor eit stort spekter av fagområde ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus.

Ho er utdanna lege og spesialist i indremedisin og hjartesjukdommar og har ein mastergrad i helseleiing, økonomi og kvalitetsforbetring.

Vingsnes har vore avdelingssjef ved medisinsk avdeling i medisinsk klinikk i Helse Førde i perioden 2011 til 2017, og hadde eit vikariat som klinikkdirektør i kirurgisk klinikk frå 2017 til 2018. Sidan 2018 har ho vore fagdirektør.

Les òg: Berre kvinner søkjer på jobb som psykiatrileiar

Til toppen