MØTER GAMLE KJENDE: Lene Kvam Høsøien har 23 år i Jotun bak seg og aldri spelt mot dei grøne. Det blir det forandring på laurdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MØTER GAMLE KJENDE: Lene Kvam Høsøien har 23 år i Jotun bak seg og aldri spelt mot dei grøne. Det blir det forandring på laurdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Blir rart å stå i blå drakt og spele mot grøn drakt

Lene Kvam Høsøien har 23 år i Jotun bak seg og aldri spelt mot dei grøne. Laurdag endrar det seg.

Florø/Årdal: Då tar nemleg den spelande trenaren med seg sitt Florø-lag til Årdalshallen for å møte eit Jotun/ÅTIL på jumboplass i 3. divisjon. 

I sommar fekk Høsøien spørsmål om ho ville ta over eit nyopprykka Florø-lag. Då tenkte ho «kvifor ikkje?» og takka ja til jobben. Med seg på reisa fekk ho Heida Arsenault, som også har mange år i Jotun bak seg. 

– Det blir jo spesielt, men som trenar og spelar, så vil eg seia at me gjer dei same tinga på trening og førebur på same måte som mot andre lag. Sjølv om Jotun/ÅTIL ikkje har kome så godt i gong, ser eg på alle lag som farlege. Gjer du ikkje jobben din, får du ikkje resultatet du vil ha, seier Høsøien til Porten.no.

– Rart

Etter 23 år i grønt gjekk ho altså sin eigen veg sommar og fortel at ho ikkje angra på valet ho tok. 

– Eg angrar ikkje på at eg ville prøve noko nytt. Eg trur det var på høg tid. Det er fleire av spelarane på Jotun/ÅTIL som eg anten har spelt med eller som eg har spelt ilag med foreldra deira, så eg kjenner dei godt. 

Les også: Jotun vert motstandar

– Men det blir rart å stå i blå drakt og spela mot grøne drakter. No har me spelt mot andre lag, og det har me gjort heile livet, men eg har aldri spelt mot Jotun, held ho fram.

Ny tid for handballen

Handballen i Årdal er inne i ein slags reformasjon. I fjor slutta fleire av dei rutinerte spelarane, og etter som Høsøien og Arsenault også forsvann, var det få frå fjorårets utgåve att. Men der dei grøne sleit med lite folk på treningane førre sesong, er det no over 20 stykk. Det gleder Høsøien å høyre det.

– Det er veldig bra for handballen. Det er flott at det er mykje folk på treningane og dei har lyst til å spela handball. Det kjem litt an på korleis ein ser på det, men det einaste som kanskje er litt synd, er at dei unge må ta steget veldig raskt.

Les også: Arsenault har signert kontrakt med Florø

– Det som skjer i klubben no, burde skjedd då alle me som var på førstelaget var der. Då skulle me hatt eit andrelag, og då hadde dei yngste sloppe å ta så mykje ansvar, men for utviklinga sin del må dei jo læra fort og får mykje speletid i 3. divisjon, så det blir nok nyttig, seier Florø-trenaren.

Nøgd med valet

For hennar eigen del er tilveret som handballtrenar i Florø bra. Sjølv om det er ei ny erfaring og noko nytt å ha ansvar for fleire enn seg sjølv, treivst ho godt.

Les også: Slik vil dei «revitalisera» Jotun

– Sjølvsagt er det utfordringar, men eg har eit så godt støtteapparat og god klubb, og jentene er så ivrige både på trening og etter å læra at dei gjer jobben ganske enkel. Når eg først skulle gå frå Jotun og velja ein annan klubb, så var Florø eit godt val.

To sigrar i sesongstarten

Høsøien er også nøgd med starten på debutsesongen. På fem kampar har laget vunne to kampar. Mot Fyllingen, Åsane og NHHI har det blitt relativt knepne tap.

– Sjølvsagt er det ingen trenarar som vil tapa, men me tapar med tre mål mot Fyllingen, seks mot Åsane og to mot NHHI. Me tapar ikkje med så mykje, og dei laga der har vore i 3. divisjon ei stund, medan NHHI har erfaring frå 2. divisjon. Eg er nøgd med jentene mine sjølv om det har blitt nokre tap.

– Me rykka opp frå 4. divisjon før denne sesongen og førsteseksaren består av berre spelarar under 20 år utan om meg sjølv og Heida. Det er ingenting å klaga over, og det er slikt som skjer. Me manglar den rutinen som kan vippa desse kampane i vår favør. 

Laurdag jaktar årdølen sin tredje siger for sesongen. Kampstart er 16.45, og den høyrer du direkte på Porten.no i samarbeid med Hallo Sogn Radio. 

Til toppen