BlueSite AS. Datasenter pa Kaupanger.
BlueSite AS. Datasenter pa Kaupanger. (Foto: Skjermdump frå søknad om tiltaksløyve)

Bluesite etablerer datasenter på Kaupanger

Nytt datasenter i drift på Kaupanger industrifelt.

Kaupanger: Med brask og bram opna Edvin Brun og selskapet Bluefjords det første datasenteret i fylket i 2015 i Jostedalen. Nummer to kom på plass meir i det stille.

– Me har drive datasenter på Kaupanger sidan i sommar, fortel Brun.

Selskapet Bluesite er i forbindelse med dette blitt delt i to.

– Bluesite er eigedomsselskapet vårt, medan Bluefjords er driftsselskapet.

Bluesite og Bluefjords

Bluesite er tilretteleggar og utbyggar av infrastruktur. Dei byggjer infra, og byggjer ut til Bluefjords, som vil drifta kundane. 

– Bluefjords eig datasenteret i Jostedalen og driftar kundane i det, seier Brun.

Datasenteret Bluefjords er ei topp greie for kundar som har litt kostbare behov.

– Det er bedriftskritisk info, og det kan ikkje stoppa. Men ikkje alle kundar har det behovet, så med det nye senter vil me legga meir til rette for dei.

Nytt senter på Kaupanger 

Det nye senteret på Kaupanger blir dermed ei billegare løysing.

– Grunnen til at det blei på Kaupanger er fordi det var eit ledig industribygg og ledig straum. Industribygget ligg rett ved ein Sognekraft-trafo.

Det er ein viktig årsak til plasseringa.

– Trafoen er straumkjelda til datasenteret. Me har fem megawatt frå den trafoen, og av dei fem har me no installert to som er meir eller mindre i drift. Ein er under installasjon. 

No har dei sendt søknad til kommunen om bruksendring og løyve til å gjera endringar på fasaden.

– Grunnen til at me har søkt om byggjeløyve, er meir enn bruksendring. Me vil endra litt på fasaden. Glas skal skiftast ut med spjeld, noko som kan ventilere. 

Behov for datasenter

Det er fleire og fleire som har behov for datasenter.

– Kundane er ein miks av norske og utanlandske kundar, seier Brun.

Han har jobba i databransjen sidan 1981.

– Eg blei gradvis fokusert inn mot datarom på 90-talet. Det utvikla seg til profesjonelle datarom som vart datasenter. 

Til toppen