UTKØYRING: Nye bilar blir køyrde ut frå fabrikken i Eisenach i 1929. FOTO: BMW
UTKØYRING: Nye bilar blir køyrde ut frå fabrikken i Eisenach i 1929. FOTO: BMW

BMW i hundre

I dag er BMW eit bilmerke som leverer over to millionar bilar i året. Vegen fram har vore ganske ruskete.

  • Endret

For hundre år sidan, i mars 1916, blei BMW grunnlagt. Først laga selskapet motorsyklar, og 1929 gav dei seg inn i bilverda, då dei kjøpte selskapet Fahrzeugfabrik Eisenach som laga Austin Seven på lisens.

I 1923 lanserte BMW motorsykkelen R 32, som blei det første produktet som tok i bruk den kvite og blå logoen. På 1930-talet kom den første eigenkonstruerte bilen, 328, men i hovudsak leverte BMW til den tyske krigsindustrien. I produksjonen blei det brukt fangar frå konsentrasjonsleirar, noko selskapet trekkjer fram som eit svært mørkt kapittel i si eiga historie. Dei var ikkje aleine om å bruke konsentrasjonsleirfangar, men seier at dei i 1983 var det første tyske konsernet som tok det opp i ein offentleg diskusjon med boka «BMW – Ei tysk historie.»

Artikkelen held fram under biletet

SKIFT: Arbeidarar på veg inn på fabrikken i München på slutten av sekstitalet.
SKIFT: Arbeidarar på veg inn på fabrikken i München på slutten av sekstitalet.

Sleit etter krigen

Selskapet brukte lang tid på å kome seg etter krigen, og på 1950-talet var dei på nippet til å bli selt til Daimler-Benz. I 1959 hinda småaksjonærane dette, og Quandt-familien blei hovudeigarar, noko dei framleis er.

BMW trekkjer også fram oljekrisa tidleg på 70-talet og det mislukka kjøpet av Rover på 90-talet som to andre alvorlege situasjonar merket har kome seg gjennom.

BMW seier det er nokre modellar som framfor alt har definert selskapet: 328-modellen frå 30-talet, med sine køyreeigenskapar, estetikk og innovasjon, hadde eigenskapar som produsenten framleis jobbar etter. Og med 1500-modellen frå 1960-talet skapte dei det som blei kalla «Neue Klasse,» sportssedanen, ein biltype som har vore sentral i modellsortimentet til BMW sidan den gong. 

Artikkelen held fram under biletet

SPORTSSEDAN: 1500-modellen blei lansert i 1961 og gjekk i produksjon året etter. Han er den første i ei lang rekkje sportssedanar frå BMW.
SPORTSSEDAN: 1500-modellen blei lansert i 1961 og gjekk i produksjon året etter. Han er den første i ei lang rekkje sportssedanar frå BMW.

Rekord i 2015

Andre milepælar er R 80 G/S, motorsykkelen som kom på marknaden i 1980. Det skal ha vore den første, store offroadsykkelen som også hadde god komfort på vanleg veg. Ifølgje BMW var det same tanke bak X5. Då han blei lansert i 1999, var det vanleg å skilje mellom terrengbilar og vanlege bilar, noko BMW meiner dei klarte å viske ut med X5. Sjølv kallar dei han ikkje ein SUV, men ein SAV, Sports Activity Vehicle.

Artikkelen held fram under biletet

SAV: BMW X5 var merkets første SUV, eller SAV, Sports Activity Vehicle, då han kom i 1999.
SAV: BMW X5 var merkets første SUV, eller SAV, Sports Activity Vehicle, då han kom i 1999.

Imagemessig har M-avdelinga vore viktig. Dette var opphavleg ei avdeling for motorsport som blei etablert i 1972. Seinare har ho laga, og lagar framleis, svært sportslege versjonar av utvalde BMW-modellar.

Tidleg på 2000-talet tok BMW over Mini og Rolls-Royce, som representerer kvar sin ende av premiumskalaen.

Konsernet kunne nyleg leggje fram ein rekordrekneskap for 2015, med driftsinntekter på 92,2 milliardar euro, tilsvarande 866 milliardar kroner, og eit totalsal i fjor på 2.247.485 køyretøy, seks prosent over 2014.

Konkursar i Noreg

Ifølgje den norske importøren har BMW ei historie i Noreg som strekkjer seg tilbake til 1927, då det blei importert motorsyklar. Dei første bilane kom i 1935, tekne inn av Auto Centralen. Mot slutten av 1950-talet klarte BMW å unngå å hamne under Daimler-Benz internasjonalt, men i Noreg tok faktisk Bertel O. Steen, Mercedes-Benz importøren, over i perioden 1956 til 1963.

Artikkelen held fram under biletet

OFFROAD: Offroaderen R 80 G/S er ein milepæl for motorsykkelavdelinga.
OFFROAD: Offroaderen R 80 G/S er ein milepæl for motorsykkelavdelinga.

BMW-agenturet gjekk på nokre smellar i Noreg, med fleire konkursar, seinast i 1990. Etter dette tok Bayern Motor Import over, som blei overdrege til BMW sentralt i 1995.

Importøren seier det i perioden 1990 til 1995 var drygt 30.000 BMWer i Noreg. I 2000 var talet auka til 50.000 bilar, og på det tidspunktet hadde merket ein marknadsdel på 2,3 prosent. I fjor blei det registrert 9.567 nye BMW personbilar i Noreg, med ein marknadsdel på 6,3 prosent, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken. Det gav BMW ein fjerdeplass på merkestatistikken. I 2014 passerte dei Audi og blei det mest populære premiummerket i Noreg.

Artikkelen held fram under biletet

ISETTA: BMW nemner ikkje mikrobilen Isetta i oppsummeringa si, men her er ein frå ei bilutstilling på Filipstad i Oslo i 1957. Han blei laga på lisens frå italienske Iso frå 1955 til 1962.
ISETTA: BMW nemner ikkje mikrobilen Isetta i oppsummeringa si, men her er ein frå ei bilutstilling på Filipstad i Oslo i 1957. Han blei laga på lisens frå italienske Iso frå 1955 til 1962.

(Undersak) Dette seier konkurrentane om BMW

Marius Tegneby, informasjonssjef i Audi Norge:

– BMW er vår beste konkurrent og har vore det gjennom mange år. Dei byr på tøff konkurranse, med gode produkt og offensive kampanjar. Vi håper og trur at vi er gode målestokkar for kvarandre på mange område. Ikkje nødvendigvis berre på produkt, men også på servicemarknad, marknadsføring, organisasjon og så vidare. Den vennskapelege «ertinga» i diverse reklamar gjennom tidene trur eg begge partar har hatt like mykje moro med. Vi gratulerer BMW med dei 100 første åra. Well played!

Dei modellane han liker aller best frå konkurrenten, er 635 CSI frå midten av 80-talet og alle dei ulike generasjonane M3.

Christoffer Nøkleby, kommunikasjonsdirektør i Mercedes-Benz Norge:

– BMW er den kanskje viktigaste konkurrenten til Mercedes-Benz. Alle som jobbar i Mercedes lever etter det gamle «Das Beste oder nichst»-slagordet til grunnleggjaren, og takka vere BMW er lista vi må over såpass høg som ho er.

Nøkleby liker ein BMW han kallar «den stygge andungen,» M Coupé. (©NPK)

Til toppen