BMW størst på firehjulsdrift

BMW størst på firehjulsdrift

Det er tyske BMW som har selt flest bilar med firehjulsdrift hittil i år.

  • Endret

Tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) viser at det tyske merket hadde selt 1393 bilar med firehjulsdrift ved utgangen av mars. Det er likevel ein posisjon som raskt blir utfordra. Amerikanske Tesla har nettopp lansert Model S med firehjulsdrift, og i mars månad aleine blei det registrert 1058 firehjulsdrivne elbilar.

Dermed har Tesla på ein månad nesten selt like mange bilar med firehjulsdrift som marknadsleiaren BMW har gjort på eitt kvartal. Totalt har Tesla selt 1283 firehjulsdrivne bilar ved utgangen av mars, og 1532 bilar totalt. BMW har på si side selt 2017 bilar i same tidsrom. Volkswagen er det største merket med 6226 bilar i første kvartal.

Dristigare

Allereie i 2005 lanserte Lexus bilmodellen RX 400h. Bilen var ein SUV i luksusklassen, men til skilnad frå konkurrentane hadde han ei hybrid drivlinje. Med eit sal på 2,1 millionar er RX – som seinere skifta namn fra 400h til 450h – den mest selde av Lexus-modellane.

Artikkelen held fram under biletet

DESIGN: Lexus RX får eit barskare design og meir krefter når han blir lansert mot slutten av året.
DESIGN: Lexus RX får eit barskare design og meir krefter når han blir lansert mot slutten av året.

No kjem siste generasjon av suksessen. Designet låner litt av streken ein finn på den nyleg lanserte NX 300h. Med ei lengd på 4890 millimeter veks bilen samanlikna med slik han er i dag, og akselavstanden er også auka noko i forhold til bilen han erstattar. Utgåva med hybrid drivlinje vil få ei systemyting på rundt 300 hestekrefter når han kjem til Noreg mot slutten av året.

C-klasse til topps

Mercedes-Benz tok storeslem i World car of the Year som blei delt ut på New York Motorshow i byrjinga av april. Mercedes C-klasse vann hovudprisen, mens den nye AMG GT blei kåra til den beste sportsbilen. Prisen for beste luksusbil gjekk også til merket med stjerne i grillen. Her var det S-klasse Coupe som gjekk til topps. Ein eigen miljøpris, World Green Car, gjekk til BMW i8. Tidlegare i år blei årets bil i Europa kåra. Der gjekk Volkswagen Passat til topps, framfor BMW 2-serie Active Tourer og Mercedes C-klasse.

Artikkelen held fram under biletet

BEST: Mercedes-Benz C-klasse blei nyleg kåra til den beste bilen i verda under ei bilutstilling i New York.
BEST: Mercedes-Benz C-klasse blei nyleg kåra til den beste bilen i verda under ei bilutstilling i New York.

Ny verdsrekord

Ein Valtra T234 sette i midten av februar ny verdsrekord for traktorar. Aldri har ein traktor vore raskare. Bak rattet i den lynraske traktoren sat tidlegare verdsmeister i rally Juha Kankkunen. På ei 2300 meter lang flystripe blei gjennomsnittet av to passeringar oppgitt til 130,165 kilometer i timen, nok til at traktoren hamnar i Guinness World Records som den raskaste i verda.

Artikkelen held fram under biletet

KJAPP: Ny verdsrekord i fart for traktor på 130,165 kilometer i timen.
KJAPP: Ny verdsrekord i fart for traktor på 130,165 kilometer i timen.

– Eg har gjennomført testar på toppfart med fleire bilar, men dette er første gong eg har køyrd ein traktor på denne måten, seier Kankkunen.

Rekorden blei sett då Nokian Dekk ville vise fram eigenskapane ved eitt nytt traktordekk. Nokian har også tidlegare sett fartsrekord. Sist var med ein Audi RS6 i 2013. Då kom testførar Janne Laitinen opp i 335,713 kilometer i timen med standard Nokian Hakkapeliitta 8 piggdekk montert på bilen.

Mindre CO2

Tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) viser at utsleppa frå nye bilar går tilbake. Gjennomsnittleg CO2-utslepp frå alle førstegongsregistrerte nye personbilar i mars blei 93 gram. Det er 8 gram mindre enn i mars 2014. Den same trenden ser ein for året så langt under eitt. I perioden frå årsskiftet og til utgangen av mars var gjennomsnittleg utslepp av CO2 frå alle personbilar 98 gram. Det er 11 gram mindre enn for eitt år sidan, og kjem av blant anna elbilar.

Artikkelen held fram under biletet

MINDRE: Utsleppa av CO2 held fram med å gå tilbake.
MINDRE: Utsleppa av CO2 held fram med å gå tilbake.

Men også bensin- og dieselbilane er blitt reinare. Mens snittet for alle bensinbilar i 2014 var 122 gram i årets tre første månader, var talet for i år 118 gram. Bilane med dieselmotor fekk eit gjennomsnittleg utslepp på 132 gram, mot 135 gram samanlikna med same periode for eitt år sidan.

(©NPK)

Til toppen