Fresvik, Sogndal: Torsdag morgon vart det klart at dei svenske legendene i Bob Hund er bekrefta til Fres Festival 2018.
Bandet hadde 25-årsjubileum i år, og har feira dette med å spela sin eigen gjennombrotskonsert på ny. Bandet braut igjennom på Stora Dans på Hultsfredsfestivalen i 1993.

I ei stor svensk avis stod det etterpå å lesa at dette hadde vore «den bästa konserten på svensk mark någonsin».
Bandet, som syng på skånsk, har hatt flust i underfundige hitsongar opp gjennom åra. Dei dukka igjen opp på norske radioar i fjor gjennom samarbeidet med bergensartisten Silja Sol. Festivalleiinga er ekstatiske, skriv ein av dei programansvarlege, Gunnar Husebø, i ei pressemelding.
– I tillegg til dei svenske kultheltane i Bob Hund, kjem Death By unga Bunga meir eller mindre rett inn frå USA-turné med heftig garasjerock slik berre band frå Moss og Østfold gjer det, skriv Husabø vidare i pressemeldinga.

Mykje god skandinavisk musikk
Festivalen har òg fått stadfesta at Death by Unga Bunga, Darling West, Real Ones, Ralph Myerz and the Kosmik Diamonds, A-laget og NMG/G-Huset Allstars legg turen til Fresvik siste helga i juli.
– Fres Festival feirar sitt 13. år med å sleppe eit kobbel av skandinavias beste innan rytmisk musikk. Festivalen har booka alt frå trapbasert rap til akustisk americana, skriv Husabø i pressemeldinga.
Darling West frå Blaoboxen til Fres
Americanafavorittane Darling West - som nyss gjesta eit fullsett hus i Blaoboxen i Sogndal kulturhus - tek òg turen. Dei har nyleg gjeve ut sitt tredje album, til mykje ros frå kritikarane, «While I Was Asleep».

Det er ikkje berre Darling West som kjem med ferske album. Folkpop-idola i Real Ones er óg stadfesta til Fres Festival 2018. Real Ones sleppte i februar albumet Hey Future, Hey Past, som også har fått mykje ros frå kritikarane, ifylgj Husabø.
Fylgjande artistar er stadfesta til Fres Festival 2018:

Bob Hund
Cezinando
Great News
Death by Unga Bunga
Real Ones
Thea And The Wild
A-laget + NMG/G Huset Allstars (Dårling Vane, Myra, Mats Dawg og Jonas V)
Darling West
Sibiir
Ralph Myerz and the Kosmik Diamondz