Bogdan får nøkkelrolle i to lokale verksemder
(Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bogdan får nøkkelrolle i to lokale verksemder

Bogdan Ciesielski kjem inn som driftsansvarleg i Lærdal Grønt, noko som betyr at Harald Blaaflat Mundal held fram i rolla som dagleg leiar.

Lærdal: – Då eg fekk sjansen til å få fast jobb her, så var det opplagt at me ville velja Lærdal. Me vurderte aldri noko anna, seier Ciesielski, som er frå Polen.

Då han kom til Lærdal for over femten år sidan, vart han sett til å kutta blomkål og hausta poteter. No har Bogdan Ciesielski fått ansvar for drifta i Lærdal Grønt, i første omgang for bringebæra.

– Han har ingeniørbakgrunn, han har jobba med matvarer i Stavanger i nokre år, kjenner systema og kundane våre, er utruleg anvendeleg, og snakkar både norsk, polsk og engelsk, seier Harald Blaaflat Mundal.

Snur avgjerda om å trekka seg

Meininga var at Blaaflat Mundal skulle gje seg som dagleg leiar i Lærdal Grønt, for å få tid til å satsa meir på eigen gard. Men då dei skulle leita etter ein erstattar, dukka den gamle kjenninga opp.

– Når han no kan gje meg avlasting på drifta, så kan eg halda fram som dagleg leiar seier Blaaflat Mundal, som trur han framover vil få meir tid til å jobba med prosjekt og tenka strategi.

Ciesielski jobba i Lærdal Grønt i elleve sesongar, før han flytta til Stavanger. No har han flytta inn i ei leiligheit i Lærdal saman med kona og den eitt år gamle sonen, som allereie har fått barnehageplass.

– Eg budde i Stavanger i fem år, men kjende meg anonym. Her kjenner eg folk, og folk kjenner meg. Det er kjekt når du går på matbutikken og folk seier hei til deg. Då kjenner du deg heime, seier Ciesielski.

Får viktig dobbeltrolle

Tilsettinga skjer i eit noko uvanleg samarbeid med Haugen Gardsmat frå Aurland. Ciesielski skal jobba hos Lærdal Grønt i hovudsesongen deira, og i Haugen Gardsmat resten av året.

– For begge oss var det vanskeleg å tilsetta ein heiltidsressurs, for det kostar mykje å ha ein mann i arbeid eit heilt år. Både me og Haugen Gardsmat driv med matproduksjon, kjølevarer, frysevarer, pakking og distribusjon. Det er klart me kan læra av kvarandre, enno meir enn før, no når me har ein fellesressurs, seier Blaaflat Mundal.

Ciesielski seier det blir utfordrande å hoppa mellom to nye jobbar, spesielt den i Haugen Gardsmat, sidan han ikkje har erfaring frå kjøtbransjen. 

– Sjølv på polsk slit eg med å kunna namna på dei ulike kjøtstykkene på ein gris eller ei ku. På norsk blir det dobbelt så vrient, seier Ciesielski humoristisk.

Han trøstar seg med at han er kjapp til å tileigna seg ny kunnskap.

– Dei kastar meg ut på djupt vatn. Viss eg ikkje synk, så vil eg overleva, seier polakken.

Til toppen