TIL ÅRDAL: Fredag kjem bokbåten Epos til Årdalstangen som ein del av den 17 dagar lange turneen sin. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
TIL ÅRDAL: Fredag kjem bokbåten Epos til Årdalstangen som ein del av den 17 dagar lange turneen sin. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Bokbåten kjem til Årdal

Fredag denne veka kastar bokbåten Epos loss og skal besøka 45 stader i laupet av 17 dagar.

Fredag den 24. oktober kjem båten innom Årdal kommune og Årdalstangen som ein del av turen. Då blir det mogleg å låna bøker og lydbøker.

I år er det lagt spesielt vekt på å ha med barnebøker på nynorsk. Ingrid Dræge, som er spesielbibliotekar ved fylkesbiblioteket, fortel kvifor.

– Me er jo eit nynorskfylke, så me synes det er ei veldig viktig oppgåve å spreia dei bøkene som finns på nynorsk. Ungar som er i ein læringssituasjon og skal læra seg å lesa, bør læra det på eige mål, seier ho til Porten.no.

Flytande bibliotek

To gonger i året reiser bokbåten Epos på sine trunear ytst i havgapet og til trange dalsøkk inst i fjordane. På kvart stopp tek ein kontaktperson i land 200-400 bøker og lydbøker, som ein kan låna fram til bokbåten kjem att på våren ein gong.

– Det er jo eit flytande bibliotek, der me låner ut bøker, og sidan me kjem to gonger i året, kan folk låna bøkene i eit halvt år i selngen. Dei siste åra har me vore i Naddvik, men i år ville dei at me skulle komma inn til Årdalstangen.

Eventyrteater

Båten legg til kai 17.30 og blir liggande der i to timar fram til 19.30.

– Me har bøker for både born og vaksne. Og då blir det utlån av bøker i om lag ein time, og deretter eit kulturprogram, fortel Dræge.

Musikar og forteljar Trygve Ramnefjell skal syna fram «Kan I låne meg hus i natt?», eit eventyrteater med musikk. 

– Framsyninga er rekna for ungar i 4-årsalderen primært, men også eldre ungar. 

Truga av nedleggjing

Først i mars kjem båten tilbake, men då kan det vera for aller siste gong. Igjen er Epos truga av nedleggjing på grunn av dårleg økonomi.

– Eg synest det er synd sjølvsagt. Eg har reist mykje med båten og ser at det fungerer veldig bra og stimulerer ungar til å lesa. At me kjem så sjeldan gjer det heile til ein «happening», og lesing blir noko positivt. 

Det er fylkeskommunen og dei kommunane båten vitjar som betalar for turneen slik at du kan delta heilt gratis.

– Utlånsstala er dei same, og me ser at det er eit ønske om at det skal fortsetta, seier ho.

Til toppen