STYRER BUTIKKEN: Marianne Supphellen, dagleg leiar for Den norske bokbyen i Fjærland, håpar fylkeskommunen og kommunen kan hjelpa dei over kneika. Foto: Halvor Farsund Storvik.
STYRER BUTIKKEN: Marianne Supphellen, dagleg leiar for Den norske bokbyen i Fjærland, håpar fylkeskommunen og kommunen kan hjelpa dei over kneika. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Bokbyen mista stattstøtta, håpar på drahjelp: – Brutal overgang

Bokbyen i Fjærland har blitt ein turistattraksjon, men ei dårleg planlagt utfasing av statsstøtta sette framtida i fare.

Fjærland: Sidan 2006 har stiftinga Den norske bokbyen fått 363.000 kroner i årleg støtte over statsbudsjettet. I 2016 vart det vedteke å fasa ut ordninga, og siste utbetalinga i 2018 var på 110.000 kroner.

– Det var ein brutal overgang å plutseleg stå utan noko, seier dagleg leiar Marianne Supphellen i bokbyen.

No har dei bedt fylkeskommunen og kommunen om dei kan gje driftstilskot i ein overgangsfase.

– Eg har trua på trua på at dei vil hjelpa oss over den kneika her no, seier ho.

Positive signal

For då vedtaket vart teke om å fasa ut den statlege støtta, kom det samstundes ei stortingsmelding som medførte at fylket skulle ta over ansvaret for mellom anna bokbyen frå 2018.

Men det er eit men her. Overføringa føresette nemleg at det skulle vera rundt 10 fylkeskommunar, og i mellomtida har samanslåingane drege ut i tid. Først i 2020 vil Vestland fylkeskommune vera sjøsett.

Då endte me opp i 2018 og 2019 utan støtte, seier Supphellen.

Drahjelpa må godkjennast politisk, mellom anna i formannskapet i Sogndal torsdag. Tilrådinga til rådmannen er positiv, det same er signala frå fylkeskommunen.

– Det verker som ting fell på plass, seier Supphellen. 

Ønskjer å utvikla bokbyen

Kor mykje dei vil få av potten i det nye storfylket er enno ikkje kjend, men Supphellen seier dei har mange spanande planar på gang og håper dei får økonomi til å gjennomføra dei.

Førebels vil ho ikkje avsløra kva planane går ut på.

– Eg har trua på at me vil greia oss framover, og at me er på rett spor med det me held på å jobbar med no. Me skal vidareutvikla oss og satsa, seier ho.

Til toppen