DIGITALT: Marianne Supphellen, dagleg leiar i Den norske bokbyen beskriv programmet «Morskap» som både spennande og profesjonell. 
DIGITALT: Marianne Supphellen, dagleg leiar i Den norske bokbyen beskriv programmet «Morskap» som både spennande og profesjonell.  (Foto: Arkiv)

Bokbyen varma opp til Boknatta med digitalt arrangement

Den norske bokbyen skulle arrangere samtale, lesing og musikk med fleire kjende namn, men enda med å gjera alt digitalt i staden for.

Fjærland: – Det var veldig spanande, samstundes som det var rart å gjera noko nytt, seier Marianne Supphellen, dagleg leiar i Den norske bokbyen. 

Orginalt var planen å arrangera samtale og lesing med forfattarane Agnes Ravatn, Randi Fuglehaug, samt folkemusikar Annlaug Børsheim i bokbyen.

Arrangementet, som var eit samarbeid med Rom for ord lot seg ikkje arrangera på vanleg vis grunna korona. Men i staden for Fjærlands-tur på forfattarane vart det digital innspeling i Valevåg, og programmet «Morskap» vart sendt på Den norske bokbyen si Facebook-side. 

Bruk av eigne erfaringar i kreativt arbeid 

Dagleg leiar i den norske bokbyen skildrar innspelinga som både spennande og profesjonell. 

– Sjølve programmet går under paraplyen til Boknatta. Det var ei fin oppvarming, seier ho. 

Under programmet på Facebook-sida til Den norske bokbyen fortalte dei tre damene om korleis dei har brukt personlege opplevingar i deira kreative arbeid. Alt frå korleis dei har opplevd heimlengsel, til etablering og småbarnsliv. I tillegg reflekterte dei over fleire ulike temaer som livsval, sjangerval, kunstnarliv og familieliv. 

Supphellen fortel at det var svært positiv respons på det digitale arrangementet, både i form av likerklikk, hjerter og kommentarar. 

Snart går Boknatta av staben

FJÆRLAND: Praktfull natur og bøker i høg kvalitet. Foto: Bokbyen

Vidare fortel Supphellen at bokbyen sitt årlege arrangement Boknatta går av staben om to veker. På programmet står mellom anna samtale med Siri Helle og Hallgeir Oppdal om det å koma heim, karriere og å finna meininga med livet. I tillegg kjem forfattaren Sigrid Sandberg, og det vert folkemusikk. 

– Det er eit langt program og me kjem til å bruka store delar av dagen grunna smittevernstiltak. I tillegg vert det ingenting utandørs, då det ikkje let seg gjera med tanke på smittevern, seier arrangøren. 

Ho er glad for at Boknatta let seg arrangera i år, sjølv om det vil vera ei maksgrense på 50 personar, og ekstra fokus på smittevernstiltak. 

– Arrangement som dette er svært viktig for å visa kva bokbyen driv med, og ikkje minst for å unngå bokdøden, avsluttar Supphellen.

Under kan du sjå programmet «Morskap». 

Til toppen