IVRIGE: Dei unge boksarane var svært ivrgie under kampane. Foto: Andreas Aannevik
IVRIGE: Dei unge boksarane var svært ivrgie under kampane. Foto: Andreas Aannevik

Boksecup med splitter ny boksering

Denne helga arrangerte boksegruppa i Aurland idrettslag Diplomboksecup.

Omkring 40 boksarar tok turen til Aurland for å bokse denne helga. Deltakarane kom frå forskjellige klubbar rundt i Noreg, og var i alderen åtte år og opp til senior. Diplomboksinga gjekk føre seg i Aurland Idretts -og samfunnshus, og mange tilskodarar møtte opp.

Dette er den fyrste bokseturneringa som vert arrangert i Sogn og Fjordane.

Kva er diplomboksing?

Diplomboksinga er for dei yngste boksarane, som skal vise at dei har "skjønt greia" med boksing. Ein forebereder dei unge boksarane på ein trygg måte til ordinær boksing. Boksarane skal vise sin tekniske dyktigheit, og får poengsum ut ifrå dette.

Med diplomboksinga får dei yngre prøve seg tidlig i bokseringen.

Artikkelen held fram under bilete.

boksing i aurland

Eigen boksering

Boksegruppa i Aurland idrettslag har kjøpt sin eigen boksering, med pengar frå klubben og sponsorar. Diplomboksarane og dei ordinære boksarane fekk altså bokse i ein "ordentlig" boksering i helga. 

NY: Her ser du den nye bokseringen klubben har kjøpt.
NY: Her ser du den nye bokseringen klubben har kjøpt.

Nylig fekk boksegruppa 20.000 kroner av Aurland Kommune. Pengane skal gå til den nye bokseringen som er kjøpt.

– I boksegruppa i Aurland, er det eit svært godt miljø. Vi har 20 medlemmar, både yngre og eldre, fortel Laila Soldal Bøe.

Bøe legg til at dommarane under cupen er lokale profesjonelle dommarar, men også dommarar frå andre stader.

 

Til toppen