STILLER SIKTET: Truls Hovland hadde nok av sjansar til å putte både eitt, to og tre mål mot Gran i dag. Men det vart med den eine målgjevande pasningen.
STILLER SIKTET: Truls Hovland hadde nok av sjansar til å putte både eitt, to og tre mål mot Gran i dag. Men det vart med den eine målgjevande pasningen.

Bom, bom, bom for Hovland: – Det er bånn

Tre gonger i andre omgang var han  åleine med keeper, tre gonger vart det bom. Difor greidde ikkje lynvingen Truls Hovland heilt å juble, trass ein viktig siger.

Årdal FK - Gran: 3-0

Han spelte godt, var involvert i det meste heimelaget skapte og hadde i tillegg ein assist på slutten. Men etter kampen var det ein småirritert Truls Hovland vi møtte utanfor garderoben.

– Eg set høge krav til meg sjølv. Sikkert høgst på dette laget, så eg er misfornøgd. Men av og til buttar det i mot. Då blir du berre svolten og trenar enno hardare, seier han.

– Men det er kun scoringar som manglar. Me vinn og alt det der, så det er eigentleg heilt topp. 

Les også: Årdal held fram den imponerande poengfangsten

– Går mest på konsentrasjon

Den første store sjansen kom sju minutt ut i andre omgang. Hovland var åleine gjennom, men skotet vart blokkert. Returen sette Preben Strypet i mål, men for Hovland var det berre starten på ein frustrerande omgang for hans del.

– No har eg tre kampar der eg kunne ha stått med ni mål. Så det er klart det er bånn. Men eg har vel sju assistar på dei same kampane og det viktigaste er trass alt at me vinn, seier han. 

Berre ti minutt etter første miss, fekk Hovland ein ny sjanse til å teikne seg på scoringslista. Men åleine med keeper prøvde han å sentre. Pasningen traff ein forsvarsspelar i hælen og dermed var den sjansen spolert.

Fem minutt før slutt var han åleine med keeper for tredje gong i omgangen. Heller ikkje denne gongen fekk han ballen forbi sisteskansen til bortelaget. Etter det påfølgjande hoftefestet å døme, kan mangel på pust i det minste vere ei del av forklaringa på akkurat den missen.

– Ofte kjem sjansane mine i andre omgang, eg er sliten og mange gonger spring eg på tom tank. Men eg trur det går mest på konsentrasjon. No har eg bomma ein del og då blir det slik at "no må eg snart scora".

Får ros av trenaren

Sett vekk frå dei brente sjansane spelte lynvingen Hovland ein god kamp og hadde mange fine raid på høgresida. Også trenar Ivan Øy er nøgd, sjølv om han òg hadde ønskt betre uttelling.

– Han skapar veldig mykje, han bitt opp folk, han dreg av folk. Han Truls er ein veldig god spelar, det ser me. Men hadde han fått opp effektiviteten, så hadde det vorte enno betre. 

Heilt på slutten fekk driblefanten ein aldri så liten opptur. Etter eit flott raid spelte han vakkert gjennom Anders Lereng, som lobba ballen over keeper på like vakkert vis til 3-0.

– Det var moro det. Det var jo debutmålet til Anders òg, så ekstra moro for han, seier Hovland, som langt ifrå har mista trua på eigne evner. 

– Det er avslutningane eg bommar på, resten gjer eg ganske perfekt i mine auge. Det er den prikken over i´en som manglar. Men den kjem, seier han.  

 

 

Til toppen