BLID GJENG: Aleksander Øren Heen (Årdal Sp), Jon Håkon Odd (Ap, ordførar Leikanger), Lars Trygve Sæle (Balestrand Høgre, samlagsleiar Bengt Næss, Jarle Aarvoll (Ap, ordførar Sogndal), Jan Geir Solheim (Sp, ordførar Lærdal), Olav Turvoll (Sp, ordførar Vik).
BLID GJENG: Aleksander Øren Heen (Årdal Sp), Jon Håkon Odd (Ap, ordførar Leikanger), Lars Trygve Sæle (Balestrand Høgre, samlagsleiar Bengt Næss, Jarle Aarvoll (Ap, ordførar Sogndal), Jan Geir Solheim (Sp, ordførar Lærdal), Olav Turvoll (Sp, ordførar Vik). (Bilde: Privat)

Bom etter bom, men like blide. Nesten.

Ordførarane frå Sogn hadde ikkje heilt stilt inn siktet til opningsdagen av Landsskyttarstemnet, noko som irriterte enkelte meir enn andre.

Førde: – Eg reiste ikkje til Førde for å skyte så dårleg, seier Jan Geir Solheim, på førehand det store håpet frå Sogn i ordførarduellen på skytebana.

Med 233 poeng og ein åttandeplass var han likevel best av dei tre andre kollegaene frå Sogn som kunne stille. Det var ei lita trøyst.

– Eg trur vi har ein liten veg å gå, seier Solheim om nivået på skytinga inst i fjorden. Allereie tenkjer han på revansje:

– Eg reknar med det ikkje er siste gong det blir duell. Eg høyrte rykter om at det kan bli ein ny her lokalt. Då stiller eg, seier Solheim.

Les også: Rekordmange skyttarar frå Sogn deltek på Landsskyttarstemnet

– Litt utanfor komfortsona

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, var på si side godt nøgd med innsatsen, sjølv om kollegaen frå Lærdal kom høgare på lista. Men så var heller ikkje ambisjonsnivået det same.

– Det er litt utanfor komfortsona dette her, innrømmer Aarvoll, som ikkje hadde mykje positivt å seie om eigne ferdigheiter.

– Du har habile skyttarar og så har du slike som meg, som knapt har løyst ut eit skot sidan militæret. Men konkurranseinstinktet er der, når du først stiller så vil du gjere det så godt du kan med dei evnene du har, seier Aarvoll.

Sende skarpskyttarane som vara

Grunna ferie var det ikkje alle ordførarane som hadde høve til å møte. Mellom anna sende ordførarane i Årdal og Balestrand erstattarar, som like godt gjekk avgarde og kapra fjerde og femteplassen i konkurransen.

– Det var ikkje kven som helst dei sende. Det var skarpskyttarar, seier Aarvoll og ymtar til Aleksander Øren Heen og Lars Trygve Sæle, som begge hamna på 240 poeng, eitt poeng frå pallen.

– Det er godt å sjå at eg nærmar meg Solheimen. Eg håpar eg ein dag kan puste han i nakken, men sjansane er små, seier Aarvoll. 

– Det var moro altså, eg har kost meg i heile dag. Det er rett og slett strålande å vere på Landsskyttarstemne. Men når det gjeld eigen innsats, så er eg ikkje nøgd, seier Solheim.

Til toppen