SISTE NYTT: Siste nytt i forsøket på å forstå korleis laks overlever i havet og kampen for å nå tilbake er ei brikke som registrerer at laksen vender tilbake til elva den kjem frå. Illustrasjonsfoto.
SISTE NYTT: Siste nytt i forsøket på å forstå korleis laks overlever i havet og kampen for å nå tilbake er ei brikke som registrerer at laksen vender tilbake til elva den kjem frå. Illustrasjonsfoto.

Bombrikke skal fortelje om livet til laksen

Ved hjelp av ein slags bombrikke vert laks som vender tilbake til elva registrert. Dette kan gi forskarane ny kunnskap om korleis laks overlever i sjøen.

  • Endret

I eit skap som står plassert ved elva Vigda i Sør-Trøndelag, vert ferda til laksen frå sjøen til elva registrert. Dette er siste nytt i forsøket på å forstå korleis laks overlever i havet og kampen for å nå tilbake, fortel NRK.

Seniorforskar Bengt Finstad og forskar Øyvind Solem ved Norsk institutt for naturforsking (Nina) har sett opp målestasjonen som fungerer som ei slags bombrikke for laks.

– Totalt er det registrert 51 unike fiskar på oppvandring. Det er veldig bra så tidleg fordi oppgangen av laksen startar no, seier Solem til NRK.

I fjor putta dei små elektroniske målarar i tusen smolt som var på veg ut i havet. I år skal dei merke 2.000 nye laksar berre i elva Vigda.

Bengt Finstad trur denne forskinga på sikt vil gi heilt ny kunnskap om den moglegheita laks har til å overleve i sjøen, viss ho blir utvida til alle lakseelvar i heile landet.

– Det er eit heilt unikt prosjekt, og jo fleire fiskar som er merkte, jo meir informasjon vil vi få. I år har vi merkt nærmare 2.000 laksesmolt i Vigda. Det er eit sensasjonelt høgt tal, seier han.

Så langt er seks vassdrag frå nord til sør i landet med i desse undersøkingane, men Nina vil utvide forsøket.

– Det er eit langsiktig prosjekt, men om kanskje 3–4 år, kan vi seie meir om svingingane i forhold tilbakevandring på den merka fisken, seier Finstad.

Til toppen