HISTORIELAUST: Landsbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) har ikkje sansen for markeringa Bondelaget sette i stand tysdag. Foto: Marita Skeie/Sogn og Fjordane Bondelag.
HISTORIELAUST: Landsbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) har ikkje sansen for markeringa Bondelaget sette i stand tysdag. Foto: Marita Skeie/Sogn og Fjordane Bondelag. (Foto: Marita Skeie)

Bondebål får Dale til å tenne

Ubalansert og historielaust, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) om bålbrenninga i regi av Norges Bondelag.

  • Endret

Over heile landet brende bønder bål i protest mot jordbruksmeldinga til regjeringa tysdag. Den fører norsk matproduksjon på ville vegar, meiner Bondelaget, men landbruksministeren meiner bøndene overdriv.

– Det er heilt fair å vere ueinig i enkeltforslag, men når det blir lagt opp til vardebrenning, er det historielaust. Det har sete langt inne å bruke den typen symbolikk i Noreg, seier han til NTB.

Les også: Fyrde opp varselbål for å motverka landbruksdød

– Jordbruksmeldinga fører vidare avtalesystemet, tollvernet, distriktstilskota og inntektsmåla og har som mål å bidra til auka produksjon og eit landbruk i heile landet. Kva skal norske bønder setje fyr på viss det verkeleg skulle dra seg til ein gong? spør statsråden.

Han oppmoda bøndene til "å reflektere eit halvt minutt" før dei sette fyr på bålet og viser til at inntektsutviklinga er god samanlikna med andre grupper og ikkje minst yrkesfeller i andre land.

Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag meiner på si side at jordbruksmeldinga bidrar til auka liberalisering, og at ho utfordrar mangfaldet i næringa.

Til toppen