BONDEAKSJON: Hege Wåtevik og Anders Skarestad frå Fjærland Bondelag i samtale med tilfeldig handlande på Coop Extra i Sogndal.

Bondelaget aksjonerer for norsk mat etter brotet

– Det er ein posititvt lada aksjon, ikkje noko rabaldergreier, seier bonde Per Hilleren.

Sogndal: Den tidlegare bondelagsleiaren er ein av medlemmane som stod bak aksjonen i sentrum av Sogndal i dag, torsdag. Bondelaget hadde sett opp stand på Coop og Meny, der dei prata med folk og klistra opp merkelappar på enkelte av matvarene med informasjon om kvifor det er brot i jordbruksforhandlingane.

– Me kunne ha brukt ein aksjon som laga meir krøll, men me ønskte å spele litt på lag med forbrukarane. Dei er viktige for oss og vi er viktige for dei, difor ville me ha ei positiv tilnærming, seier Hilleren om valet av aksjonsform.

Les også: Brot i forhandlingane om jordbruksoppgjeret

Han seier bodskapen dei kom med vart godt imotteken av dei handlande sogndølene, som fleire av dei stoppa opp og var nysgjerrige på kva dette dreia seg om. 

– Spesielt gledeleg er det å sjå at ungdomen verkar voldsomt oppteken av kor maten kjem frå, korleis han blir produsert og at Norge skal ha eit landbruk som tek i bruk heile landet, seier Hilleren.

Til toppen