LEIAR: Leiar Sogn og Fjordane bondelag Anders Felde.
LEIAR: Leiar Sogn og Fjordane bondelag Anders Felde. (Foto: Arkiv)

Bondelaget etterlyser ras- og flaumsikring: - Uhaldbart å ikkje vera trygg

Det seier leiar for Bondelaget i Sogn og Fjordane, Anders Felde.

Indre Sogn: Fredag kjem Bondelaget med ei klar melding etter rasa på E39 i Jølster. I ei pressemelding etterlyser dei at politikarane må betra beredskapen kring flaum og ras. 

– Me aksepterar at det kjem til å komme meir ekstremvêr på Vestlandet, men då må storsamfunnet gjera meir for at innbyggjarane og dei besøkande skal vere trygge her, seier Felde.

Han held fram: 

– Me skal bu i distrikta og skape verdiar her, og då er det ein uhaldbar situasjon å ikkje skulle vera trygg.

Han sler fast at utan sikring av elvar og rasområder, vil matproduksjonen oppleva eit større press for å nytta sikre områder med dyrka mark til framtidige bustadfelt og næringsareal. 

Meir pengar til NVE

Felde trekk fram flaumen og rasa på Jølster som eit døme på kor gale det kan gå, til trass for sikringstiltak. 

– Flaumen og rasa på Jølster er eit godt døme på korleis det kan gå. For 2 år sidan vart husa ved Årsetelva sikra mot elva, og tiltaka her har vore med på å redde husa som står der i dag. Sikringa har tatt av for massane som kom ned, men er øydelagt og må erstattast.

Han held fram:

– Når ein ser øydeleggingane her, torer ein ikkje tenkje på korleis det hadde sett ut om det ikkje hadde vore ei sikring her, seier Felde.

Vidare skriv Felde at Bondelaget ønskjer større løyvingar til NVE, og at dei har fremja dette i dei siste statsbudsjetta. 

– Kommunar har blitt oppmuntra til å utarbeide raskart og flaumkart for sikring av områda, og dette er langt på veg blitt gjort. Men det hjelp lite når myndigheitene sin vilje til å investera i sikring er låg. Køa hjå NVE over sikringstiltak som treng løyvingar er lang og NVE har eit enormt etterslep, seier Felde.

Til toppen