FRUSTRERT: Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, er frustrert over ulvesituasjonen i Ytre Sogn og Sunnfjord.
FRUSTRERT: Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, er frustrert over ulvesituasjonen i Ytre Sogn og Sunnfjord. (Foto: Sogn og Fjordane Bondelag)

Bondelaget meiner ulvesituasjonen er uhaldbar: – Fryktar blodig sommar i 2020

Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Ole Bjarne Hovland meiner lisensjakta må framskundast.

Ytre Sogn: – Det er stor frustrasjon over ulven i Ytre Sogn og Sunnfjord, seier Hovland i ei pressemelding. 

Han meiner situasjonen er uhaldbar etter at Fylkesmannen avslo søknaden om å forlenga skadefellingsløyve på ein ulv i Ytre Sogn og Sunnfjord tidlegare oktober.

– Det har vore jegarar som har hatt ulven i siktet. Dei har stått 130 meter ifrå han, og kunne ha felt den. Løyvet gjekk ut 15.oktober, og berre éi veke seinare har dei den på skothald, men har plutseleg ikkje lov å skyta den lengre. Det er så frustrerande at det er vanskeleg å finne ord, seier han. 

Fryktar blodig sommar i 2020

Hovland fortel at det er mange bebuarar i området som driv med beitedyr, og at dei er opprørte over situasjonen. Denne ulven er heller ikkje vurdert til å vera genetisk viktig, og uttak av ulven vil ikkje vere til skade for ulvebestanden si overleving.

– Me hadde fått til eit bra opplegg med hjortejegerar som var klar til å felle ulven, dessverre vart ikkje skadefellingsløyva forlenga. Ulven er difor freda per dags dato. Vedtaket er klaga inn til Miljødirektoratet, men ingen veit kor lang tid det går å behandla klagen.

No ønskjer Hovland at lisensjakta vert framskunda. Den tek normalt sett til frå 1.desember, noko han meiner er for seint. 

Vidare seier han at sporsnø er avgjerande for å finna ulven, og snøen i Ytre Sogn og Sunnfjord kan like fort komme i november som i desember. Snøen ligg heller ikkje like stabilt i dette området som det gjer i indre strøk. Difor er det viktig at jegarar får sjansen til å jakte når forholda legg til rette for det.

– Bøndene har mista mange dyr til ulven. Sjølv om beitedyra er komne inn for vinteren, må ulven vekk før dei kjem ut att på beite neste år. Dersom me ikkje klarar det fryktar eg ein ny blodig sommar i 2020.

Til toppen