Lærdal: At regjeringa opnar for jordbruksfrådrag for aksjeselskap, inngår i forslaget om å fjerne kravet om busetjing på garden for å få jordbruksfrådrag. Dette stiller Norges Bondelag seg svært kritisk til.
– Regjeringa angrip familielandbruket frå alle kantar. Summen av desse forslaga vil vere at kapitalsterke interesser får større eigarskap i norsk landbruk på kostnad av bonden og matproduksjonen, seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes.
Totalt ventar regjeringa at endringa vil innebere 10 millionar kroner i tapte skatteinntekter i 2017.
Forslaget om å avvikle skattefritaket for investeringstilskot i distrikta (IBU), fører til lågare avskrivingsgrunnlag for distriktsbønder som har bygd nye driftsbygningar, ifølgje Nationen.
Verdien av å avvikle skattefritaket på IBU-middel reknar regjeringa til å vere 60 millionar kroner i 2017.
Regjeringa føreslår også å fjerne startavskrivinga på 10 prosent for maskiner og andre driftsmiddel i saldogruppe D. Til saman er dette venta å føre til 1,84 milliardar i auka skatt.
Forslaget er meint å gi ei meir reell avskriving av desse eigedelane. (©NPK)