STØTTAR: Sogn og Fjordane bondelag går inn med pengestøtte for dei fem pelsdyrbøndene som saksøkjer staten etter at Venstre fekk gjennomslag i Stortinget om å avvikla pelsdyrnæringa innan 2025.
STØTTAR: Sogn og Fjordane bondelag går inn med pengestøtte for dei fem pelsdyrbøndene som saksøkjer staten etter at Venstre fekk gjennomslag i Stortinget om å avvikla pelsdyrnæringa innan 2025. (Bilde: Sogn og Fjordane Bondelag / Arkiv)

Bondelaget støttar pelsdyrbøndene i rettsaka mot staten

Førre veke gjekk fem norske pelsdyrbønder saman om å saksøkje staten for brot på grunnlova, fordi staten ønskjer å avvikla pelsdyrnæringa.

Indre Sogn: No går Sogn og Fjordane Bondelag inn med 10.000 kroner i støtte til rettsaka, kjem det fram av ei pressemelding. 

– Me meiner det er viktige prinsipielle grunnar til å støtta pelsdyrbøndene i denne saka, og styret i Sogn og Fjordane Bondelag har vedteke ei støtte på 10.000 kroner til den komande rettsaka, seier leiar Anders Felde.

Brot på grunnlova

Pelsdyrbøndene saksøkjer Staten for brot på grunnlova, etter at Venstre fekk gjennomslag i Stortinget for å avvikla næringa innan 2025. 

Førre veke, då dei fem pelsdyrbøndene stod fram med saksøkjinga, sa ein av dei, Olav Haugen frå Lærdal, følgjande til NRK

– Me tapar livsverket vårt. Eg har brukt heile livet på å bygga opp min eigen arbeidsplass. Pelsdyr er det einaste eg kan driva med, sa Haugen då. 

Felde seier at ei avvikling kan få negative økonomiske konsekvensar for næringsdrivande.

– Det å innføra næringsforbod i ei næring som er lovleg internasjonalt er eit alvorleg inngrep i næringsfridomen i Noreg. Mange pelsdyroppdrettarar har store lån knytt til investeringar i pelsdyrgardane sine. Det er ikkje alle stader det er like gode moglegheiter til omstilling.

Til toppen