FÆRRE SAU PÅ BEITE: Bondelaget gler seg over at færre sau blir tekne av rovdyr. Men trur årsaka er at det har blitt færre sau på utmarksbeite. Foto: arkiv.
FÆRRE SAU PÅ BEITE: Bondelaget gler seg over at færre sau blir tekne av rovdyr. Men trur årsaka er at det har blitt færre sau på utmarksbeite. Foto: arkiv.

Bondelaget: – Tala for rovdyrtap er ikkje reelle

Rovdyrtapet går ned fordi rovdyrpolitikken i stor grad skubbar sauen ut av utmarksbeita, meiner Bondelaget.

  • Endret

(NKP-NTB): – Det er positivt at færre husdyr blir tekne av rovdyr, men måten det skjer på er ikkje fordi vi har ein rovdyrpolitikk som fungerer. Det skjer fordi vi har ein rovdyrpolitikk som prioriterer rovdyr før beitebruk, og der beitebruken går ned, seier styremedlem i Norges Bondelag Einar Frogner.

Dersom det er ønskeleg å redusere tapstala, må jervebestanden reduserast til bestandsmålet og hannbjørnar og streifulv må takast ut før beitesesongen, meiner han.

– Slik det er no, er presset på den norske beitenæringa langt høgare enn det som er politisk vedteke, og det truar beitenæringa og matproduksjonen i fleire område av landet, seier han.

Les også: Stadig færre sauer blir skadd av rovdyr

Færre sauer blir skada

Så langt i år er det registrert cirka 660 rovviltskadar på sau i Noreg, færre enn dei allereie rekordlåge tala frå dei to siste åra, ifølgje Miljødirektoratet.

– Per 1. august er det påvist 20 prosent færre skadetilfelle enn på same tid i 2015. Vi ser ein klar nedgang for alle rovviltartar, bortsett frå bjørn, som har gjort betydeleg meir skade enn i fjor, seier seksjonsleiar Lars Bendik Austmo i Statens naturoppsyn (SNO).

Tap forårsaka av bjørn, jerv, gaupe, ulv og kongeørn gir dyreeigarar rett til erstatning.

Samanlikna med fjoråret viser tala per 1. august nesten ei halvering av registrerte skader gjort av ulv (181), jerv (49) og kongeørn (78). Det er registrert cirka 240 bjørneskadar, og det er ein auke på 80 prosent. Gaupeskadane har gått ned frå 118 i 2015 til 88 i 2016.

Finn ikkje alle

– Det er ikkje like lett å finne kadaver etter alle dei ulike rovviltartane. Av erfaring veit vi at ein større del av husdyr som er drepne av ulv blir funne, enn til dømes dei som er tekne av jerv. Gaupe og jerv er dei artane som det blir erstatta flest sau etter i Noreg, opplyser Austmo.

Sjølv om dei førebelse tapstala på landsbasis har gått ned, strekar han under at beitesesongen ikkje er over. Jerven gjer mest skade frå august sidan den hamstrar mat til vinteren. Ekspertar meiner derfor tapa kan reduserast endå meir i ein del område viss sauene blir sanka inn tidlegare. 

Til toppen