LETTA OG FORTVILA: Bondelagsleiaren Anders Felde har blanda kjensler om avtalen til det endelege statsbudsjettet. Dieselavgifta skulle han gjerne vore forutan. Foto: pressefoto.
LETTA OG FORTVILA: Bondelagsleiaren Anders Felde har blanda kjensler om avtalen til det endelege statsbudsjettet. Dieselavgifta skulle han gjerne vore forutan. Foto: pressefoto. (Foto: Sogn og Fjordane Bondelag)

Bondelagsleiaren fortvilar over dieselavgift

– Dette gagnar i alle fall ikkje allereie hardt pressa distriktsbønder i Sogn og Fjordane, fastslår han.

Anders Felde, bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, er glad for at ein del «horrible» forslag vart lagt vekk, men fortvilar over dieselavgifta.

– Eg vel i utgangspunktet å sjå positivt på det endelege statsbudsjettet, men det er kjem også endringar som vi svært gjerne skulle vore forutan, seier Felde i ei pressemelding.

Les også: MDG vil gi bygdefolk sponsa elbil
Les også: Skal jobba ti dagar ekstra med statsbudsjettet

– Dårleg nytt

Når det gjeld Co2-avgifta ser den ut til å bli auka med 20 øre på avgiftsfri diesel.

– Dette er dårleg nytt då det ikkje finst alternativ, i alle fall ikkje i distrikta. Det fører til auka kostnad for bonden, utan at bonden er i posisjon til å auke inntektene, seier Felde.

Ein annan ting som gjer bondelagsleiaren uroleg er at regjeringa skal legge fram eit forslag om forbod mot nydyrking av myr. På mange mindre vestlandsgardar, der ein må nytte det vesle arealet ein har, vil dette kunne vere til hinder.

I pressemeldinga viser Felde til forsking som viser at omgraving av grunn myr med mineraljord under, ikkje har noko særleg store klimautslepp.

Glad IBU-skatt vart fjerna

Bondelagsleiaren vil likevel ikkje svartmale situasjonen etter budsjettforliket mellom regjeringspartia og samarbeidspartia Venstre og KrF. Han er til dømes letta over at det verken blir endringar i jordbruksfrådraget, eller skatt på IBU-midlane til landbruket.

IBU-midlar er viktige for unge bønder som ynskjer å satse på landbruk, mellom anna investere i nye fjøs. Felde kalla skatteforslaget horribelt då det kom, men gler seg over at det no er reversert.

– Det er eg godt nøgt med, seier Felde.

Men Co2-avgifta på avgiftsfri diesel skulle han altså gjerne sett ein pennestrek over.

– Dette gagnar i alle fall ikkje allereie hardt pressa distriktsbønder i Sogn og Fjordane, fastslår Felde.

Til toppen