KLIMASMART: Klimasmart landbruk og matproduksjon var tema på eit seminar i regi av Bondelaget, NHO Mat og drikke og Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) nyleg. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK.
KLIMASMART: Klimasmart landbruk og matproduksjon var tema på eit seminar i regi av Bondelaget, NHO Mat og drikke og Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) nyleg. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK.

Bonden skal bli klimaførebilete

– Eg håpar bonden kan bli ein spydspiss i klimasmart matproduksjon, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Sogn: Bondelaget, NHO Mat og drikke og Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) heldt nyleg seminar om korleis landbruket kan bli meir klimasmart og samstundes produsere mat til ei veksande befolkning.

Utsleppet av klimagassar har gått ned i norsk jordbruk dei siste ti åra, men næringa er framleis ei stor kjelde til utslepp og utgjer 8 prosent av det samla norske klimagassutsleppet. Det blir hevda at landbruket kan kutte opp til 20 prosent av utsleppet sitt innan 2030 utan at produksjonen blir mindre.

– Bøndene står midt i klimaendringane. Nokre år er det for vått, andre år er det for tørt. Vêret er ei utfordring og eit usikkerheitsmoment, men vi skal halde fram med å produsere, seier Lars Petter Bartnes.

Realistisk mål

Etterspurnaden etter mat til ei veksande verdsbefolkning er aukande, og då blir utfordringa å produsere nok mat på ein berekraftig måte.

– Dette er ein av dei mest krevjande og viktige debattane i vår tid. Utfordringa til landbruket er mellom anna å bidra til å motverke klimaendringar gjennom utsleppsreduksjon og samtidig å auke matproduksjonen når klimaet vert meir krevjande. Vi står ved eit vegskilje og vi kan ikkje halde fram som før, seier konstituert forskingsdirektør Arne Bardalen i Nibio.

Artikkelen held fram under biletet.

MINDRE UTSLEPP: Korleis kan norsk landbruk produsere meir mat med mindre utslepp? Det er spørsmålet Norges bondelag gjerne vil løyse i samarbeid med forskingsmiljøa. Illustrasjons
MINDRE UTSLEPP: Korleis kan norsk landbruk produsere meir mat med mindre utslepp? Det er spørsmålet Norges bondelag gjerne vil løyse i samarbeid med forskingsmiljøa. Illustrasjons

Han har trua på at norsk landbruk kan nå utsleppsmåla innanfor dagens produksjon og med kjent teknologi.

– Enkelt sagt er det to måtar å redusere utsleppa på: Setje i verk tiltak i produksjonssystema innanfor eksisterande produksjonsvolum og å redusere og endre matforbruket slik at folk et andre produkt. Det er summen av store og små tiltak som gjer at vi kjem oss dit vi må. Og så må ikkje endringar i ein sektor skade ein annan, seier Bardalen

Vil bli spydspiss

Forskingsdirektøren meiner jordbruket er avhengig av at samfunnet klarer å avgrense klimaendringane. Samtidig er samfunnet avhengig av at jordbruket klarer å meistre utfordringane med å produsere meir når klimaet endrar seg, når befolkninga aukar, når vassressursane blir mindre og jordforringinga held fram.

SPYDSPISS: – Eg håpar norsk landbruk kan bli ein spydspiss i klimasmart matproduksjon, seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes. Arkiv
SPYDSPISS: – Eg håpar norsk landbruk kan bli ein spydspiss i klimasmart matproduksjon, seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes. Arkiv

Leiar i Noregs Bondelag Lars Petter Bartnes hevdar norsk landbruk ligg godt an i utsleppsdiskusjonen og at det er mogleg å bli betre.

– Norsk landbruk er godt organisert og det er korte avstandar til forskingsmiljøa. Eg håpar norsk landbruk kan bli ein spydspiss i klimasmart matproduksjon, seier Bartnes, men legg ikkje skjul på at der er utfordringar.

– Vi er 43.000 bønder her i landet – mange som kvar for seg må gjere endringar og tiltak på garden sin som i sum skal føre oss i rett retning. Viss vi skal få klimasmart landbruk i Noreg gjennom avgifter, startar vi i feil ende. Bøndene må få motivasjon og føle det økonomisk interessant å gjere det, understrekar bondelagsleiaren.

Han viser til at norsk landbruk har ein ambisjon om å gå over til fossilfritt drivstoff i norsk landbruk innan 2030, men at avgifter er ikkje løysinga. Då må heller distribusjonen av alternativt drivstoff bli betre.

– Kunnskapen må spissast og vi bønder må bli endå meir medvitne i kvardagen vår. Det vert mellom anna laga ein databank for kor store utsleppa er på kvar enkelt gard. Då blir det lettare å setje seg mål og sjå kor langt ein er komen, seier leiaren i Norges Bondelag.

Dra lasset saman

Mat- og drikkeindustrien innser at også dei har ein jobb å gjere for å få ned klimautsleppa.

– Viss ikkje alle sektorar tenkjer miljø og klima – frå primærnæringa, via foredlingsindustri til distribusjon og sal, så kjem vi ikkje så langt med det grøne skiftet, seier administrerande direktør i NHO Mat og drikke, Petter Haas Brubakk.

Han er trur nokre bedrifter kjem til å lykkast godt med å tenkje grønt, samtidig som det også vil vere bedrifter som i åra framover vil forsvinne fordi dei ikkje klarer å møte utfordringane. Brubakk. strekar samtidig under at næringa er på rett veg mot meir miljøvenlege løysingar på fleire felt.

– Mange bedrifter trur det gir dei konkurransefortrinn å leggje om. Forbrukarane er opptekne av bedrifter som ikkje skadar miljøet, seier NHO-direktøren. (©NPK)

Til toppen