I BYEN: Per Hilleren (f.v.), Jon Asbjørn Målsnes, Kjetil Hilleren, Jostein Flatland (leiar i Sogndal Bondelag), Jacob Ruud og Jostein Ølmheim på plass i landbrukskvartalet i Oslo før demonstrasjonstog til Stortinget. Foto: Marita Skeie
I BYEN: Per Hilleren (f.v.), Jon Asbjørn Målsnes, Kjetil Hilleren, Jostein Flatland (leiar i Sogndal Bondelag), Jacob Ruud og Jostein Ølmheim på plass i landbrukskvartalet i Oslo før demonstrasjonstog til Stortinget. Foto: Marita Skeie

Bøndene aksjonerer i byen: – Du all verda kor mykje folk

Dei er sinte og mange – men samstundes står stemninga høgt i landbrukskvartalet rett før tusenar på bønder og støttespelarar masjerer mot Stortinget. 

Oslo: – Det er høg stemning her, og du all verda så mykje folk på ein plass. Eg har sett bilete frå aksjonane for tre år sidan, men at det var så voldsamt med folk hadde eg faktisk ikkje trudd. Så dette er spåennande å vera med på, seier leiar i Sogndal Bondelag, Jostein Flatland.

Etter at både Norges Bondelag og Norsk Småbrukarlag braut jordbruksforhandlingane for ei veke sidan har det vore diverse aksjonar rundt om det ganske land – også i Sogn.

Les også: Her kaprar bøndene Fjordsyn

Les også: Bondelaget aksjonerer for norsk mat etter brotet

Rundt 90 bønder frå fylket

Tysdag er det «grand finale» i form av demonstrasjonstog beståande av bønder frå heile landet. Dei skal gå gjennom Oslos gater frå landbrukskvartalet på Grønland til Stortinget der det blir appellar frå mellom andre bondelagsleiar Lars Petter Bartnes, småbrukarlagsleiar Merete Furuberg og lanbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Frå Sogn og Fjordane reiste 74 bønder i to bussar til hovudstaden i natt for å vera med på markeringa.  

– I tillegg har nokre reist i bilar, så me er rundt nitti frå fylket her. Med tanke på at me har ganske lang reiseveg må det vera bra, seier Flatland.

– Kor mange trur du det er samla i landbrukskvartalet no før avreise?

– Nei, det lurer eg fælt på sjølv. Men to-tre tusen må det no vera her.

– Råkar distriktslandbruket særskild hardt

Tilbodet frå Staten til bøndene var på 410 millionar kroner, noko som ifølgje Bondelaget tilsvarar ei gjennomsnittleg inntektsauke på 8 100 kroner i 2018, under halvparten av kva andre yrkesgrupper er venta å få i inntektsauke i same periode. Kravet bøndene hadde levert i framkant var på 1450 millionar kroner.  

Les også: Staten tilbyr bøndene ein milliard mindre enn kravet: – Småleg

Forhandlingar mellom Staten og jordbruket i ei veke førte ikkje fram, og 16. mai braut dei to bondeorganisasjonane.

Les også: Brot i forhandlingane om ein ny storkommune

Dermed blir det opptil Stortinget å avgjera om tilbodet frå regjeringa blir ståande, eller om fleirtalet høyrer på bøndene og aukar ramma.

Ramma er ei side av saka; ei anna side er korleis pengane blir fordelte mellom dei ulike typane produksjonar, tilskot og ordningar. Flatland i Sogndal Bondelag meiner bønder frå Sogn og Fjordane har ekstra god grunn til å protestera på tilbodet.

– I grunn reagerer me både på storleik på ramma og korleis pengane er tenkt fordelt. Det vart i jordbruksmeldinga frå Stortinget lagt opp til ei retning mot å tetta inntektsgapet til andre grupper, så presterer politikarane i regjering å koma med eit tilbod som går i stikk motsett retning. Dessutan råkar innretninga oss i distriktsjordbruket ekstra hardt. 

– Ulike føresetnader frå år til år

Framlegget til jordbruksmelding frå regjeringa førte også til sinte bønder i vinter.

Les også: Fyrde opp varselbål for å motverka landbruksdød

Les også: Bondebål får Dale til å tenne

Men då meldinga gjekk gjennom næringskomiteen vart mange av dei punkta bøndene fann mest provosetande fjerna.

– Næringskomiteen viser ein annen retning for landbrukspolitikken enn det regjeringa har gjort. Det viser at ingen ville ha regjeringas landbrukspolitikk. Stortinget ønskjer auka matproduksjon på norske ressursar og at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper skal reduserast. No må Stortinget sin vilje bli følgd opp i jordbruksforhandlingane, uttalte Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, på Bondelaget sine nettsider då.

Det skjedde altså ikkje, ifølgje bøndene sjølve. 

Samstundes; medan Norsk Småbrukarlag braut forhandlingane både i 2015 og 2016, inngjekk Norges Bondeleg avtale med Staten begge åra. Ramma var på 400 millionar kroner i 2015 og 350 millionar kroner i 2016.

– De har inngått avtale på noko lågare tilbod dei to føregåande åra; kvifor bryt de då på 410 millionar i år? 

– Då jordbruksmeldinga vart vedteken tidlegare i år visste politikarane om at me har mindre inntekt enn andre grupper, og då provoserer det oss at regjeringa går i stikk motsett retning. Det blir heilt feil å snakk om prosentvis inntektsvekst då, me kan ikkje leva av prosentar; for å tetta gap må ein snakka om kroner. Og det blir feil å samanlikna direkte med tidlegare år fordi det er ulike føresetnader frå år til år, seier Flatland.

Markeringa framfor Stortinget med appellar og kulturelle innslag går føre seg frå klokka 14 til 15 tysdag.

Til toppen