Fylket: – Ei tidleg julegåve, seier Bjørn Harald Haugsvær hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Investeringsmidlane for 2016 vart brukt opp første halvår og det er difor opna for å bruke åtte millionar av ramma for 2017 no i haust.
Det er no opna for nye søknader for fjøs til ammeku og søknader for auke produksjon av frukt og bær. Samstundes vil fleire av dei som ikkje fekk støtte til ku- og sauefjøs i vår no få handsama søknaden sin på nytt.
– Det er spesielt for dei som driv med mjølk og sau at det har vore mange fleire søknader enn det er pengar. Så for at fleire skal koma i gang og vite at dei får pengar, deler me ut pengar allereie no, seier han.
Imponert over satsingsvilja
I Sogn og Fjordane vert det gitt 25 prosent investeringsstøtte avgrensa til 2 millionar kroner per prosjekt. For større investeringar med omlegging til lausdrift i mjølkeproduksjon med ku kan det løyvast inntil 30 prosent støtte. Dette skal hjelpe fram moderne lausdriftsfjøs med mjølkerobot, nye sauefjøs, fjøs til ammeku og ei vidare satsing på frukt og bær.
Eit døme på det er Jens Reidar Ljøsne, som var den første bonden i Lærdal med lausdriftfjøs for mjølkekyr.
- Les også: Først ute med framtidas fjøsdrift
– Me er imponert for satsingsvilja. Skal ein byggja for mjølkeproduksjon, er det snakk om investeringar på 6-8 millionar kroner. Det er eit kjempeløft. Det er mange som ønskjer å satse, og så er det ei utfordring å få tak i nok mjølkekvoter, fortel Haugsvær, som seier det er ein «eventyrleg lyst» innanfor sauedrift.
Auka produktivitet og lønsemd er målet
Midlane skal medverke til auka produktivitet og lønnsemd i tradisjonelle landbruksbedrifter. I tillegg er fleire gode gründerar til dømes innan lokalmat og «Inn på tunet» prioriterte satsområde knytt til landbruksbasert næringsutvikling. Dessutan vert frukt og bær prioritert saman med husdyrproduksjon av storfe, sau og geit.
– Der er det god fagkompetanse og dyktige fagmiljø. Og så har ein store foredlingsbedrifter, som Lærdal Grønt, som treng råvarene. Det er vesentleg for industrien vår at me har tilstrekkeleg med råvarer, og difor er det viktig for fylket vårt med bønder som satsar.