GODT OPPMØTE: – Eg er veldig glad for at det er så godt oppmøte. Men det er ikkje så rart når vi serverer god norsk kvalitetskost og stemninga er god, seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes. Foto: Marianne Å. Friess / NPK
GODT OPPMØTE: – Eg er veldig glad for at det er så godt oppmøte. Men det er ikkje så rart når vi serverer god norsk kvalitetskost og stemninga er god, seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes. Foto: Marianne Å. Friess / NPK

Bøndene inviterte til bondefrukost

Norges bondelag inviterte onsdag til den årlege bondefrukosten framfor Stortinget, der stortingspolitikarane fekk ein smak av norsk landbruk.

Årdal/Lærdal: – Vi står ved eit vegskilje og økonomien må bli tilpassa det grøne skiftet. Då er bonden ein sentral aktør som må få utviklingsmoglegheiter, seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes til Nynorsk pressekontor.

Med jordbruksforhandlingane rett rundt hjørnet, meiner leiaren av Bondelaget på at det er viktig å innsjå kor viktige små- og mellomstore bruk er for å sikre norsk matproduksjon i framtida.

– Det er bra at dei store bruka har auka inntening, men ein må og sikre framtida for dei mindre. Ein stor del av matproduksjonen skjer på dei små og mellomstore bruka langs fjordane og opp i fjella. Dei skaper verdiar i lokalsamfunnet – noko Noreg er avhengig av i framtida, seier Bartnes.

– Treng mangfald i jordbruket

I appellen peika Lars Petter Bartnes på at mat- og landbruksministeren bør vite kor viktig det er med eit mangfald i jordbruket.

– Vår nye mat- og landbruksminister, Jon Georg Dale bør vite at dersom ein skal sikre ei framtid for matproduksjonen, så må ein stimulere mangfaldet. Då er det ikkje nok å berre einsidig satse på dei store bruka, slik regjeringa ser ut til å gjere seier Bartnes.

Sjølv om Bartnes ikkje er heilt fornøgd med landbrukspolitikken til regjeringa, kunne han i det minste smile av alle som hadde møtt opp for å få ein smak av bondefrukosten.

– Eg er veldig glad for at det er så godt oppmøte. Men det er ikkje så rart når vi serverer god norsk kvalitetskost og stemninga er god.

Lite hjelp i designmatboks

Leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre var ein av fleire stortingspolitikarar som hadde teke turen ut frå Stortinget.

– Den norske bonden er viktig i alle sitt liv, frå morgon til kveld. Kvaliteten og evna vår til å produsere rein mat er viktig. Godt dyrehald og å ta godt vare på matjorda, krev kompetente bønder – og det har vi i Noreg. Det er veldig flott å bu i ein by der Bondelaget kan servere frukost rett framfor Stortinget, seier Jonas Gahr Støre.

Marion Solheim, skribent og kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Bergen, var ein av dei som heldt appell under frukosten. Ho skreiv innlegget  Guud kor billig om norske matvareprisar i Bergens Tidende i 2014, eit innlegg som vart eitt av dei mest delte i BT det året.

– Det er kjempeviktig å synleggjere norsk matproduksjon og legge vekt på at me må ta vare på han. Slik som det går no, så ser det litt mørkt ut. Eg meiner me må tenkje meir langsiktig, seier Solheim.

Frå talarstolen hadde ho ei klar melding til politikarane:

– Eg håpar de ser lenger enn til neste val. Det hjelper null og niks å sende ungane til skulen med designmatboks, viss ikkje ein har noko bra mat å putte i den. (©NPK)

Til toppen