MØTTE MOTSTAND: Heile 450 bønder frå fylket kom til Skei for å uttrykke si misnøye med jordbruksmeldinga til landsbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Marita Skeie/Sogn og Fjordane Bondelag.
MØTTE MOTSTAND: Heile 450 bønder frå fylket kom til Skei for å uttrykke si misnøye med jordbruksmeldinga til landsbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Marita Skeie/Sogn og Fjordane Bondelag. (Foto: Marita Skeie)

Bøndene la trykk på ministeren

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) fekk mykje å forsvare då Bondelaget inviterte til ope møte om jordbruksmeldinga. Heile 450 menneske møtte opp.

Skei: Misnøya med jordbruksmeldinga er stor blant bøndene i Sogn og Fjordane, og den misnøye synte dei fram for ministeren under møtet på Skei tysdag.

– Den klamme handa som ligg over heile meldinga er ein kostnadseffektiv matproduksjon.  Eg ser på det som ein trussel mot våre områder i tida framover. Me er for eksempel avhengig av gode marknadsordningar, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, i ei pressemelding.

Han er strålande nøgd med oppmøtet, som han meiner i all si tydelegheit syner misnøya med jordbruksmeldingar. I meldinga er det mellom anna forslag om å avvikle marknadsordninga på egg. 

Artikkelen held fram under biletet.

FULL SAL: 450 menneske møtte på det opne møtet. 
FULL SAL: 450 menneske møtte på det opne møtet. 

– Det kan bety kroken på døra for eggproduksjonen i vårt fylke, meiner leiaren.

Ministeren forstår ikkje kritikken

Jon Georg Dale på si side firstår ikkje kritikken. Han meiner tvert imot at han har lagt fram ei god melding.

– Eg har registrert at Vestlandet har vore den delen i landet som har vore mest kritisk til jordbruksmeldinga, og eg forstår det ikkje. 

REAGERER: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, reagerer på at ministeren ikkje forstår kritikken. 
REAGERER: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, reagerer på at ministeren ikkje forstår kritikken. 

– No fryktar Bondelaget mellom anna ei sentralisering av eggproduksjonen. Det som har skjedd med dagens marknadsordning er jo i stor grad at det er blitt ei sentralisering. Over femti prosent av den totale eggproduksjonen ligg no i Trøndelag, Rogaland eller i Østfold. Det viser faktisk at den ordninga Bondelaget forsvarar, har bidratt til ei sentralisering, seier Dale. 

Det får Anders Felde til å reagere.

– Femti prosent av produksjonen er samla i tre fylker, men dei andre femti prosent er i resten av landet. Me ønskjer på grunn av helsa til fjørfe, og kvaliteten på egga, å behalde ordninga slik ho er i dag. 

STØTTE: Lars Petter Bartnes deltok på møtet. Han ønskjer seg ein breiare landsbrukspolitikk.
STØTTE: Lars Petter Bartnes deltok på møtet. Han ønskjer seg ein breiare landsbrukspolitikk.

Breiare landsbrukspolitikk

Felde får støtte frå leiaren i Norges Bondelag.

– Jordbruksmeldinga er eit angrep frå alle kantar. Dale plukkar på marknadsordningane, velferdsordningane, han svekkar inntektsmålet og svekkar produksjonsmålet, seier Lars Petter Bartnes.

– Me vil ha ein aktiv og målretta landbrukspolitikk. Me ønskjer at landbrukspolitikken skal treffe større delar av landbruket enn det me ser i dag, legg han til.

Til toppen