DEMONSTRERTE: Bønder frå heile landet demonstrerte tysdag i Oslo mot tilbodet frå staten i jordbruksforhandlingane. Her med representantar frå Sogn og Fjordane, med Nils Magne Gjengedal som er med i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag til høgre. Foto: Hannah Kolås/NPK.
DEMONSTRERTE: Bønder frå heile landet demonstrerte tysdag i Oslo mot tilbodet frå staten i jordbruksforhandlingane. Her med representantar frå Sogn og Fjordane, med Nils Magne Gjengedal som er med i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag til høgre. Foto: Hannah Kolås/NPK.

Bøndene meiner politikarane ikkje forstår realiteten

Tysdag var tusenvis av bønder frå heile landet samla i hovudstaden for å vise si misnøye med tilbodet frå staten etter brotet i jordbruksforhandlingane.

  • Endret

Oslo: – Vi er frustrerte over at regjeringa prøvar seg på ein omkamp med Stortinget. Det seier leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

– Dei har ikkje kome oss i møte med dei viktige målsetjingane Stortinget har sett om å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Eg meiner det er eitt av dei viktigaste grepa som kan gjennomførast for å sikre matproduksjon i Noreg i framtida.

Bartnes meiner det er viktig å setje fokus på kor viktig norsk matproduksjon er.

– Norges Bondelag har fremja behovet for å satse på dei små og mellomstore bruka for å sikre matproduksjon i framtida. Samla sett er det eit betydeleg volum desse bruka produserer, og regjeringa har møtt oss med eit krav som er altfor dårleg.

Fleire tusen bønder gjekk i tog frå Landbrukets hus på Grønland til Stortinget. Demonstrasjonane var same dag som næringskomiteen på Stortinget innleidde behandlinga av jordbruksoppgjeret. Det er det opphavlege tilbodet frå staten som no ligg til grunn.

Artikkelen held fram under biletet.

GJEKK I TOG: Bønder i tog frå Grønland i Oslo mot Stortinget etter brota i jordbruksforhandlingane.
GJEKK I TOG: Bønder i tog frå Grønland i Oslo mot Stortinget etter brota i jordbruksforhandlingane.

Bøndene meiner betre inntektsmoglegheiter for bonden er det viktigaste verkemiddelet for å ta vare på mangfaldet i norsk landbruk og den norske kvalitetsmaten.

Dei mindre må også med

Nestleiar i Hordaland Bondelag Kjetil Mehl meiner tilbodet på ingen måte speglar krava til bøndene.

– Det viktigaste er at vi har bønder over heile landet, med både små, mellomstore og store gardsbruk. Viss vi skal ha matproduksjon i heile Noreg må vi også ha med dei mindre, og det får vi ikkje med denne politikken som regjeringa fører i dag.

Mehl seier det er viktig med føreseielege vilkår for den norske bonden og at ein tettar inntektsgapet til andre næringar.

– Det treng vi for å kunne sikre rekrutteringa til landbruket. For forbrukaren er det viktig med trygg og sikker norsk mat, og det får ein berre ved å ha norske bønder.

– Ein berebjelke

Ordføraren i Lom kommune, Bjarne Eiolf Holø, var ein av mange som tysdag møtte opp for å demonstrere. Holø driv sjølv eit mindre gardsbruk og meiner det ikkje er tilstrekkeleg forståing frå politikarane når det gjeld arbeidet som blir lagt ned i landbruket.

Artikkelen held fram under biletet.

LITE FORSTÅING: Ordførar i Lom kommune, Bjarne Eiolf Holø, driv sjølv eit mindre gardsbruk. Han meiner politikarane ikkje viser tilstrekkeleg forståing til arbeidet som blir lagt ned av bøndene. 
LITE FORSTÅING: Ordførar i Lom kommune, Bjarne Eiolf Holø, driv sjølv eit mindre gardsbruk. Han meiner politikarane ikkje viser tilstrekkeleg forståing til arbeidet som blir lagt ned av bøndene. 

– Dette er ein av dei viktigaste næringane vi har. Landbruket er berebjelken i vårt område, og norsk matproduksjon må stå sterkt. Det er viktig at alle som driv med matproduksjon får betalt for den innsatsen dei gjer på lik linje med andre yrkesgrupper. Politikarane viser at dei ikkje forstår realiteten.

Nils Magne Gjengedal driv mjølkeproduksjon på eit mindre gardsbruk og er med i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag. Han føler seg overkøyrt.

– Kravet til Norges Bondelag var veldig godt for vestlandsbonden, men tilbodet vi fekk var veldig dårleg. Dei små bruka er viktige for ein heilskap og eit godt miljø. Viss politikarane går bort frå det dei vedtok i landbruksmeldinga i april, så er dei ikkje verdige ein plass i Stortinget, seier han.

(©NPK)

Til toppen