TURKE: Den turre sommaren har råka bønder landet over.
TURKE: Den turre sommaren har råka bønder landet over. (Foto: Linda Watten)

Bønder kan søka om erstatning for avlingssvikt

Det skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Indre Sogn: Bønder landet over har lidd av den turre sommaren, og ein dårleg førsteslått har resultert i ei fôrkrise. 

Som følgje av dette har fylkesmannen Sogn og Fjordane no opna for at bønder kan søka om å få erstatningspengar for avlingssvikt på forskot. 

Forskot på opp til 70 prosent av totalt utrekna erstatning vert utbetalt til bønder og føretak som har ei avling under 70 prosent av det dei har i eit normalår. 

– Ein betre andre- og tredjeslått kan betre situasjonen for mange, skriv Fylkesmannen.

Varm sommar har skapt dårlege avlingar 

Ifølgje Fylkesmannen var andreslåtten betre i mange område, og var nær normal avling for samtlege. 

Mange har gjødsla arealet på nytt og reknar med ein tredjeslått, noko som truleg vil gjere grovfôrsituasjonen betre. Det kan jamvel bli utfordrande for bønder som driv i område med sandjord, heiter det. 

Den varme sommaren har skapt mykje trøbbel for bøndene kringom i landet, og allereie i juni frykta bønder at dei måtte slakte dyr grunna dårlege avlingar. Det skreiv NRK Sogn og Fjordane. 

Må innføra nye tiltak og reglar

Ifølgje Fylkesmannen har den unike turken ført til at det i år var naudsynt å innføra spesielle tiltak og reglar. 

Utover at det no er opna for forskotsutbetaling på opp til 70 prosent av totalt utrekna erstatning, er det per no ikkje krav om å dokumentere ytterlegare bevis på avlingssvikt som følgje av turken. Søkjarar må derimot fylla ut eit skjema. 

 
Til toppen