RETTFERD: Norske bondeorganisasjonar har forplikta seg til å arbeide for at bønder i alle land skal få ein rettferdig pris for produkta sine.​ Foto: Arkiv. 
RETTFERD: Norske bondeorganisasjonar har forplikta seg til å arbeide for at bønder i alle land skal få ein rettferdig pris for produkta sine.​ Foto: Arkiv.  (Foto: Foto: arkiv)

Bønder signerte solidaritetskontrakt

Norske bondeorganisasjonar har forplikta seg til å arbeide for at bønder i alle land skal få ein rettferdig pris for produkta sine.

  • Endret

Lærdal: Måndag 2. mai skreiv representantar for dei ulike organisasjonane under på solidaritetskontrakten.

Til stades var Kjartan Poulsen frå European Milk Board, Even Erlien frå Bondesolidaritet, Anne Thorine Brotke i Norges Bondelag og Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Vi arbeider for at bønder skal få ein rettferdig pris for produkta sine. Bønder i alle land må solidarisk stå saman for å løfte auka pris til bonden i fellesskap, skriv Norsk Bonde- og Småbrukarlag i ein kommentar til kontrakten. 

Til toppen